prefiks – Store norske leksikon (original) (raw)

Prefiks er ein orddel (eit affiks) som står framfor ei rot eller ei stamme, som u- i uvenn og mis- i misforstå.

Faktaboks

Uttale

prefˈiks

Etymologi

av latin praefixum ‘festa framme’

Også kjend som

førestaving, førefeste, forstaving, forstavelse

Prefiks og telefonnummer

Ordet prefiks blir òg nytta om del av kode eller liknande som står framfor resten. For eksempel er 00 utanlandsprefikset når ein skal ringje til utlandet.

Prefiks i norsk grammatikk

I norsk blir prefiks berre brukte i avleiing, ikkje i bøying, mens vi brukar suffiks i både avleiing og bøying – som i ordet utrulegast, superlativ av utruleg:

avleiing avleiing bøying
prefiks rot suffiks suffiks
u- tru -leg -ast

Prefiks i tysk

Tysk brukar òg prefiks mest i avleiing, men prefikset _ge_- i perfektum partisipp ge-fund-en 'funne' er bøying. Mange av prefiksa vi finn i norske ord, er av tysk opphav, som an- i anfall, _be_- i bedekkje og _ge_- i geledd.

Prefiks i latin

Framandord frå gresk og latin inneheld mange prefiks. Her er nokre latinske eksempel:

Prefiks i swahili

Det finst mange språk som brukar prefiks mykje meir enn dei germanske språka. I swahili og andre bantuspråk skjer det meste av bøyinga med prefiks, som i swahili nakupenda 'eg elskar deg':

bøying bøying bøying bøying
prefiks prefiks prefiks rot suffiks
n- a- ku- pend -a
'eg' PRESENS 'deg' 'elske' INDIKATIV

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar