dugnad – Store norske leksikon (original) (raw)

Oppslag om ryddedugnad før 17. mai

Dugnad i Byhagen Borettslag, styreleiaren er klar med rive

Dugnad er ein vanleg arbeidsform i til dømes burettslag og sameige, der alle går saman om å gjere ein innsats, framfor å leige inn andre til å gjere jobben.

Dugnad er frivillig, ubetalt arbeid som blir gjort i ein fellesskap.

Faktaboks

Etymologi

norrønt dugnaðr ‘hjelp, støtte’

Ein dugnad kan for eksempel bli sett i gang for å hjelpe ein nabo eller andre med eit større arbeid som det er vanskelig å utføre aleine.

Dugnad er også ei vanleg arbeidsform i lag og foreiningar, som til dømes vårdugnad i burettslag eller arbeid for å få til tilskipingar (som loppemarknad, konsertar og likande) i lokale organisasjonar.

Dugnadsfolket blir gjerne traktert med mat og drikke. Spesielt i eldre tid kunne dugnaden avsluttast med eit større måltid og ein fest.

Historie

Tekkedugnad på Aune i Tydal (Trøndelag) rundt 1915

Dugnad er ein gamal skikk i Noreg, og arbeidsforma har eksistert i dei fleste landbrukssamfunna i verda. Her eit eksempel med torvtekking av tak. På taket er det 15 mann som er i gang med å leggje ny never, på bakken framfor huset ligg torva som skal leggjast oppå.

Dugnad er ein gamal skikk i Noreg, og arbeidsforma har eksistert i dei fleste landbrukssamfunna i verda.

I Noreg var dugnaden ei særs vanleg arbeidsform fram til langt utpå 1800-talet, spesielt ved taktekking, slått, transport av større ting (som tømmer), gjerding, husbygging og så bortetter.

Ordet

Dugnad av Grefsen idrettslag for å lage Grefsenkleiva slalåmbakke i Oslo, 1968

Ordet kjem av gamalnorsk dugnaðr, «hjelp, støtte», men ein finn ikkje ordet brukt om ei organisert arbeidsform før kring 1600. Ordet vart då også brukt om festen som avslutta dugnaden, og somtid også om andre festar. Sjeldnare og lokalt i Vestfold vart ordet dugnad brukt om pliktarbeid som ein leiglending måtte gjere for bonden.

Ordet er ikkje brukt om ei organisert arbeidsform i andre nordiske språk, men det finst tilsvarande ord på andre språk.

Dugnad vart kåra til Noregs nasjonalord av NRK-programmet Typisk norsk i 2004.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar