ekskommunikasjon – Store norske leksikon (original) (raw)
Ekskommunikasjon er eit kyrkjeleg straffemiddel som inneber å stenga enkeltpersonar ute frå eit kyrkjesamfunn. Dette blir framleis brukt av den katolske kyrkja og i dei ortodokse kyrkjene.
Faktaboks
Også kjend som
bann, bannlysing, «lysa i bann»
I tidleg kristendom støytte kyrkja openlyse syndarar ut av kyrkjelyden (meinigheita), opphavleg visstnok for heile livet. Seinare tillét kyrkja ei gjenopptaking i kyrkjelyden etter ulike botstraffer. I mellomalderen skilde ein mellom det vesle bannet og det store bannet (excommunicatio minor og excommunicatio major). Det første var utestenging frå sakramenta til kyrkja for ei tid, og hadde ein pedagogisk funksjon. Det siste (anatem) var den strengaste straffa kyrkja hadde, og medførte utestenging den kyrkjelege fellesskapen og frå alle goda til kyrkja. Kyrkjeretten i mellomalderen kravde også at ekskommunikasjon fekk konsekvensar for borgarlege rettar.
Under reformasjonen forkasta Martin Luther det store bannet og anerkjende berre det vesle som eit middel til å halda openberre syndarar borte frå nattverden. Den reformerte kyrkja, som var ivrige etter kyrkjetukt, kunne derimot også gjera bruk av den fulle ekskommunikasjonen.
Ei rekkje europeiske fyrstar opplevde i mellomalderen å bli ekskommuniserte. Blant dei mest kjende er den tysk-romerske keisaren Henrik 4 (sjå investiturstriden) og den norske kongen Sverre.