ekstroversjon – Store norske leksikon (original) (raw)
Ekstroversjon er eitt av dei fem sentrale personlegdomstrekka i femfaktormodellen innan trekkpsykologien. Det er også eit trekk i Eysencks trekkpsykologiske trefaktormodell.
Ekstroversjon måler grad av sosiabilitet eller sosial orientering, altså grad av om ein trivst i, får energi av og gjerne oppsøkjer sosiale samanhengar, er selskapeleg, pratsam og hevdar seg sosialt. Dette trekket måler vidare grad av positive kjensler, varme og interesse for samvær med andre, samtidig som sosial dominans/sjølvhevding også er ein del av trekket.
Underliggjande fasettar
Personlegdomstesten NEO-PI-R måler både grad av ekstroversjon, og målar dei seks underliggjande fasettane til trekket. Desse er:
- Aktivitet: Raskt tempo blir føretrekt, har eit høgt energinivå, er produktiv.
- Positive kjensler: Glad, optimistisk, lett for å le, ikkje kjenslemessig avflata.
- Sjølvmarkering: Sjølvhevdande åtferd, sosialt dominant, tek leiaroppgåver.
- Sosiabilitet: Sosial, pratsam, selskapeleg, og held ikkje folk på avstand.
- Spenningssøking: Oppsøkjer spenning og stimulering, liker støyande og fargerike omgivnader.
- Varme: Likande, er varm og medfølande, vennleg og uformell og ikkje kritisk og skeptisk.
Den samla ekstroversjonsskåren er derfor ei oppsummering av enkeltskårane på desse seks ulike men samvarierende fasettane. Dei som er høge på ekstroversjon har altså mykje av det som er beskrive over, medan dei som er låge på ekstroversjon har lite av det som blir beskrive over — men det er mogleg at nokre fasettar er høge og andre lågare.
Personlegdomstrekk og personlegdomstype
Det er viktig å kunne skilje mellom personlegdomstrekket ekstroversjon og personlegdomstypen ekstrovert.
Personlegdomstrekket blir målt som ei grad av ekstroversjon frå låg til høg. Dei fleste er ein stad midt på skalaen, og dei færraste er veldig høge eller veldig låge på trekket. Ein kan gjerne omtale den låge skalaen som introversjon. Sånn sett strekkjer trekket seg som ein dimensjon mellom ytterpunkta introversjon og ekstroversjon.
Introvert og ekstrovert som personlegdomstypar er samtidig ikkje gode skildringar av andre enn dei som er veldig høge eller veldig låge på trekket.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Costa, Jr., P. T., & McCrea, R. R. (1995). Domains and Facets: Hierarchical Personality Assessment Using the Revised NEO Personality Inventory. Journal of Personality Assessment, 64(1), 21-50.
- Langvik, E., og Martinsen, Ø. L. (2015). En trekkteoretisk tilnærming til personlighet. I Kennair, L. E. O. og R. Hagen, Red. Personlighetspsykologi. Bergen, Fagbokforlaget.