energiomdanning – Store norske leksikon (original) (raw)

Nærbilde av ein vindturbin med lange hvite armer og en boks i midten.

Energiomdanning er det som skjer når energi blir omdanna frå ei energiform til ei anna.

Det skjer for eksempel ei energiomdanning når potensiell energi i ein sykkel på toppen av ein bakke blir omdanna til kinetisk energi etter kvart som sykkelen trillar nedover og får større og større fart. Eit anna eksempel er når kinetisk energi i ein snurrande vindturbin blir omdanna til elektrisk energi i ein generator.

Bevaring av energi

Energi følger ei bevaringslov og kan derfor ikkje oppstå eller forsvinne. Energien er altså den same før og etter ei energiomdanning, men energien kjem til uttrykk på ulike måtar.

Overføring av energi frå eit system til eit anna

I mange prosessar skjer det også energioverføring frå ein gjenstand til ein annan samstundes med energiomdanninga. Når vi kastar ein ball, blir energi overført frå armen til ballen slik at ballen flyg av garde. Når ein sykkel trillar nedover ein bakke blir noko av energien i sykkelen overført til lufta og til bakken på grunn av luftmotstand og friksjon.

Energiomdanning og ressursar

Solceller i praksis

Solceller montert på tak.

Det er utvikla teknologiske løysingar for å omdanne energiressursar til energiformer som er lette å utnytte for menneska, til dømes i energiverk.

I samsvar med lovene i termodynamikken vil noko av energien gå tapt til omgivnaden når han blir omdanna for energiproduksjon. Forholdet mellom nyttbar energi etter energiomdanninga og tilført energi før energiomdanninga blir kalla for verknadsgrad.

Dette skjer til dømes i

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar