eskimoisk-aleutisk – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Uttale
eskimˈoisk-aleˈutisk
Eskimoisk-aleutisk er ein familie av språk som blir tala på Grønland, i dei arktiske delane av Nord-Amerika (i Canada og Alaska) og i Tsjukotka autonome område lengst aust i Sibir i Russland.
Språkfamilien har to hovudgreiner, eskimoisk og aleutisk. Ein reknar med at eskimoisk og aleutisk skilde lag for kring 4000 år sidan.
Det eskimoisk-aleutiske språkområdet. Tala viser kvar dei ulike språka blir tala:
- aleutisk: 1
- jupik: 2–3–4
- iñupiaq: 5
- inuvialuktun: 6–7-8-9
- inuktut: 10
- grønlandsk: 11–12–13
I den aleutiske greina finn vi eitt språk, aleutisk (Unangam Tunuu), som blir snakka av om lag 100 menneske på øygruppa Aleutane, som ligg utanfor det sørvestlege Alaska, i USA og Russland. Språket blir skrive med det latinske og det kyrilliske alfabetet.
Den norske språkforskaren Knut Bergsland (1914–1998) gjorde ein viktig innsats i utforskinga av aleutisk i samarbeid med den aleutiske læraren Moses L. Dirks frå øya Atka; jamfør bøkene Aleut Dictionary / Unangam Tunudgusii: an unabridged lexicon of the Aleutian, Pribilof, and Commander Islands Aleut language (Fairbanks 1994) og Aleut Grammar / Unangam Tunuganaan Achixaasix̂ (Fairbanks 1997).
Eskimoisk
Den eskimoiske greina har to undergrupper, den austlege inuittisk og den vestlege jupik. Dei to gruppene skilde lag for kring 1000 år sidan.
Inuittisk – austleg grein
Inuit er eit dialektkontinuum som strekkjer seg frå Alaska via Canada til Grønland. Det er vanleg å dele dette kontinuumet i fire språk, på grunnlag av administrative grenser:
- iñupiak i Alaska, med om lag 14 000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
- inuvialuktun i Northwest Territories i Canada, med om lag 600–1000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet og med kanadisk stavingsskrift.
- inuktut i Nunavut i Canada, med om lag 36 000 talarar. Språket blir skrive med kanadisk stavingsskrift og det latinske alfabetet.
- grønlandsk på Grønland, med om lag 50 000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
Det finst to hovudvariantar av inuktut: inuktitut (35 000 talarar) og inuinnaqtun (1300 talarar).
Jupik – vestleg grein
Gruppa jupik består av fem språk:
- Stillehavs-jupik (alutiiq) i det sørvestlege Alaska, med 500–1000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
- Alaska-jupik (yup'ik) i Vest-Alaska, med nærmare 20 000 talarar. Språket blir skrive med det latinske alfabetet.
- naukisk jupik (nuvuqaghmiistun) på Tsjuktsjarhalvøya lengst aust i Sibir, med om lag 70 talarar. Språket blir skrive med det kyrilliske alfabetet.
- sibirsk jupik (yuit, juk), med om lag 200 talarar på kysten av Tsjukotka autonome område i Russland og om lag 1000 talarar på St. Lawrence-øya (som ligg i Beringhavet og høyrer til Alaska). Språket blir skrive med det kyrilliske alfabetet i Russland og det latinske alfabetet i USA.
- Sirenik, eit utdøytt språk som fram til 1990-talet blei snakka på Tsjuktsjarhalvøya.