essiv – grammatikk – Store norske leksikon (original) (raw)

Essiv er ein kasus som typisk uttrykkjer ein eigenskap eller ei rolle. Det svarer ofte til norske uttrykk med subjunksjonen som: «Han jobbar _som sjukepleiar_» eller «Der leika ho _som barn_».

Kasusen finst i fleire uralske språk, som dei samiske, dei austersjøfinske og ungarsk.

Essiv i finsk

Det finske essiv-suffikset er -na/-nä (med vokalharmonisk veksling). Det uttrykkjer ofte det same som norske uttrykk av typen som … eller i eigenskap av …. Jamfør turistina 'som turist' (essiv av turisti 'turist') i denne setninga:

Finsk essiv er ein gamal påstadskasus og førekjem i faste uttrykk som kotona 'heime' (essiv av koti 'heim') jouluna 'i jula' (essiv av joulu 'jul'):

Essiv i ungarsk

Også det ungarske essiv-suffikset -ül blir typisk brukt i uttrykk som svarer til norsk som … :

Essiv i nordsamisk

I nordsamisk står predikativet i essiv når det uttrykkjer ein mellombels eller tidsavgrensa tilstand. Det er uttrykt med suffikset -n.

Jamfør desse to setningane, der oahpaheaddjin er essiv og oahpaheaddji er nominativ av ordet som tyder 'lærar':

I denne setninga er nuorran 'som ung' essiv av adjektivet nuorra 'ung':

Akkurat som på finsk blir essiv òg nytta i ein del faste stads- og tidsuttrykk, som desse, der guhkkin 'langt borte, langt bortanfrå' er essiv av guhkki 'lang', davvin 'nordpå, nordfrå' er essiv av davvi 'nord' og bassin 'på ein helgedag' er essiv av bassi 'helgedag':

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar