kasus – grammatikk – Store norske leksikon (original) (raw)
Kasus er ein grammatisk kategori som fyrst og fremst blir nytta til å uttrykkje «kven som gjer kva med kven». Sagt på ein annan måte: Kasus viser kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, til dømes om det er subjekt, indirekte objekt eller direkte objekt.
Faktaboks
Uttale
kˈasus
av latin cāsus ‘fall, tilfelle’
Nokre vanlege kasus er nominativ, akkusativ, dativ og genitiv, som er dei kasusa vi finn i mellom anna tysk og islandsk.
Kasus kan opptre som bøying eller som eigne ord. Den typen setningsledd som tek kasus, er nomenfrasar. Til vanleg er det eit substantiv eller eit pronomen aleine eller i lag med ulike tillegg: jenta, ho, den vesle jenta, jenta med fletter, jenta som eg møtte i byen, ho som sa det.
Det finst mange språk som ikkje har kasus. Då blir funksjonen til ein nomenfrase oftast uttrykt ved hjelp av ordrekkjefylgje eller ved samsvarsbøying på verbet.
Kasus spelar ikkje ei viktig rolle i moderne norsk; her blir heller ordrekkefylgje nytta. Kasus er vanlege i nokre germanske språk (til dømes tysk) og i mange andre språk over heile verda.
Kasus i tysk
Nedanfor ser du tre tyske nomenfrasar i eintal, i fire kasus. Frasane som tyder ‘den gamle mannen’ og ‘den gode vinen’, har eit maskulint substantiv, høvesvis Mann ‘mann’ og Wein ‘vin’. Frasen som tyder ‘den unge kvinna’, har derimot det feminine substantivet Frau ‘kvinne’. Tysk har også genuset nøytrum (inkjekjønn), men det har vi ikkje teke med her.
maskulinum (hankjønn) | maskulinum (hankjønn) | femininum (hokjønn) | |
---|---|---|---|
‘den gamle mannen’ | ‘den gode vinen’ | ‘den unge kvinna’ | |
nominativ | der alte Mann | der gute Wein | die junge Frau |
akkusativ | den alten Mann | den guten Wein | die junge Frau |
dativ | dem alten Mann | dem guten Wein | der jungen Frau |
genitiv | des alten Mannes | des guten Weines | der jungen Frau |
Den bundne (bestemte) artikkelen har mest kasusbøying, adjektivet mykje mindre og substantivet minst. Det er fyrst og fremst artikkelen som skil frasane frå kvarandre i ulike kasus, og vi ser at frasar i femininum skil kasusa i mindre grad enn maskuline frasar.
Dersom vi ynskjer å seie ‘den gamle mannen gav den unga kvinna den gode vinen’, blir det slik:
setningsledd: | subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt |
---|---|---|---|---|
kasus: | nominativ | dativ | akkusativ | |
der alte Mann | gab | der jungen Frau | den guten Wein | |
den gamle mannen | gav | den unge kvinna | den gode vinen |
Dei tre nomenfrasane har ulike kasus: Subjektet står i nominativ, det indirekte objektet står i dativ, og det direkte objektet står i akkusativ. Sjølv om setningsledda her står i same rekkjefylgja som i den tilsvarande norske setninga, kan vi byte om på setningsledda utan at setninga får ei anna tyding, så lenge vi ikkje endrar kasusa, til dømes slik:
setningsledd: | indirekte objekt | verbal | subjekt | direkte objekt |
---|---|---|---|---|
kasus: | dativ | nominativ | akkusativ | |
der jungen Frau | gab | der alte Mann | den guten Wein | |
den unge kvinna | gav | den gamle mannen | den gode vinen |
Hovudfunksjonen til kasuset genitiv er å peike ut eigaren i ein nomenfrase, medan det eigde har eit kasus som viser den funksjonen heile nomenfrasen har i setninga. Dette kan vi illustrere med ei tysk setning som tyder ‘den unge kvinna drakk den gode vinen til den gamle mannen’:
setningsledd: | subjekt | verbal | direkte objekt |
---|---|---|---|
kasus: | nominativ | akkusativ | genitiv |
die junge Frau | trank | den guten Wein | des alten Mannes |
den unge kvinna | drakk | den gode vinen | til den gamle mannen |
I denne setninga er objektet den guten Wein des alten Mannes ‘den gode vinen til den gamle mannen’ ein nomenfrase der den guten Wein ‘den gode vinen’ er det eigde (possessum), medan des alten Mannes ’til den gamle mannen’ er eigaren (possessor).
Kasus uttrykt ved hjelp av grammatiske «småord»
Det er vanleg å definere kasus som ein bøyingskategori som viser kva funksjon ein nomenfrase har i ei setning, ein definisjon som passar godt for mange kasusspråk, mellom anna dei fleste i Europa, som finsk, samisk, russisk og latin. Men det finst òg språk som uttrykkjer kasus ved hjelp av grammatiske «småord» eller partiklar – til dømes dei asiatiske språka koreansk, japansk, burmesisk og hindi og det afrikanske språket kanuri. Den koreanske setninga nedanfor tyder ‘storebror møtte venen min i teateret’:
setningsledd: | subjekt | adverbial | direkte objekt | verbal |
---|---|---|---|---|
kasus: | nominativ | lokativ | akkusativ | |
hyeng i | kukcang eyse | nay chinkwu lul | mannasse | |
storebror | teater | venen min | møtte |
Kvar nomenfrase har ein kasusmarkør etter seg: i (nominativ), eyse (lokativ) og lul (akkusativ). Desse kasusmarkørane er ikkje bøyingsendingar på dei substantiva dei fylgjer, men er i staden grammatiske partiklar.
Direkte og inherente kasus
Kasus som nominativ og akkusativ, som fortel at ein nomenfrase fungerer som subjekt eller objekt, blir kalla direkte eller strukturelle kasus. Kasus som lokativ og illativ (sjå neste avsnitt), som fortel at ein nomenfrase fungerer som adverbial, blir derimot kalla inherente eller semantiske kasus.
Ein del vanlege kasus
Direkte kasus
Ein direkte kasus markerer at ein nomenfrase er subjekt eller objekt.
- Nominativ: viser kva som er subjektet
- Akkusativ: viser kva som er det direkte objektet
- Dativ: viser kva som er det indirekte objektet
- Ergativ: viser kva som er subjektet til eit transitivt verb
- Absolutiv: viser kva som er det direkte objektet eller subjektet til eit intransitivt verb
Nokre språk nyttar nominativ og akkusativ, andre nyttar ergativ og absolutiv, og atter andre nyttar begge delar, men i ulike delar av det grammatiske systemet.
I eit språk med nominativ og ein del andre kasus er det vanleg å kalle dei andre kasusa enn nominativ for oblik.
Inherente kasus
Dei inherente kasusa, som markerer at ein nomenfrase er adverbial, har tydingar som liknar på norske preposisjonar. Forklaringane nedanfor er summariske.
- abessiv 'utan'
- ablativ 'frå'
- adessiv 'på'
- allativ 'til'
- elativ 'ut av, or'
- illativ 'inn i'
- inessiv 'i'
- instrumental 'ved hjelp av'
- komitativ 'i lag med'
- lokativ 'på, i'
Andre kasus
Kasus i norsk
Medan norrønt hadde fire kasus – nominativ, akkusativ, dativ og genitiv – spelar kasus ei perifer rolle i moderne norsk. Vi skil mellom ulike kasusformer ved nokre pronomen, jamfør ho (nominativ), henne (oblik) og hennar (genitiv), medan substantiv ikkje har kasusbøying, bortsett frå at nokre dialektar skil mellom nominativ og dativ ved bundne (bestemte) former, til dømes fjella (nominativ, bunden fleirtal) og fjellom (dativ, bunden fleirtal).
Trass i at norske substantiv ikkje har kasusbøying (med unnatak av nokre dialektar, som nemnt over), har språket likevel ein s som uttrykkjer kasusen genitiv, jamfør uttrykket kongens båt. Denne _s_-en er ikkje eit bøyingssuffiks, men ein grammatisk partikkel som kjem heilt til slutt i ein nomenfrase, som i [kongen av Danmark]s båt og [systera mi]s linjal, der possessor-frasen står mellom hakeparentesar.
Andre måtar å markere funksjonen til ein nomenfrase på
Mange språk markerer funksjonen til ein nomenfrase på andre måtar enn med kasus. Eit vanleg alternativ er leddstilling, som mellom anna inneber at det einaste som skil subjekt og objekt, er posisjonen deira i høve til kvarandre eller i høve til verbet. I engelsk står subjektet normalt føre verbet, medan objekt står etter, og det finst ingen kasus (bortsett frå litt ved pronomena, som i norsk):
setningsledd_:_ | subjekt | verbal | objekt |
---|---|---|---|
rett føre verbalet | etter verbalet | ||
the dog | bit | the cat | |
hunden | beit | katten |
Hadde the dog og the cat bytt plass, ville the cat bli subjekt og the dog objekt. Ein kan òg setje objektet (the cat) heilt fremst i setninga, men subjektet (the dog) må likevel stå rett føre verbalet: The cat the dog bit.
Ein annan vanleg måte å få fram funksjonen til ein nomenfrase på er samsvarbøying på verbet. Her kan vi gå til tysk att. Sjå fyrst på denne nomenfrasen, som tyder ‘dei gamle mennene’:
‘dei gamle mennene’ | |
---|---|
nominativ | die alten Männer |
akkusativ | die alten Männer |
dativ | den alten Männern |
genitiv | der alten Männer |
I fleirtal har ikkje tysk nokon skilnad på nominativ og akkusativ. Sjå no på den tyske setninga nedanfor. Her er die alten Männer ‘dei gamle mennene’ subjekt og die junge Frau objekt:
setningsledd: | subjekt | verbal | objekt |
---|---|---|---|
kasus: | die alten Männer | sahen | die junge Frau |
dei gamle mennene | såg | den unge kvinna |
Det er samsvarsbøyinga på verbet som viser kva som er subjekt, og kva som er objekt. Når subjektet er i 3. person fleirtal, som die alten Männer, har verbet forma sahen. Hadde subjektet stått i 3. person eintal, som die junge Frau, ville verbet hatt forma sah. I setninga Die alten Männer sah die junge Frau er die alten Männer direkte objekt og die junge Frau subjekt.
Det finst mange språk som nyttar samsvarbøying på verbet som den einaste måten for å få fram «kven som gjer kva med kven», og verbet samsvarar ofte ikkje berre med subjektet, men òg med objektet. Eit slikt språk er klassisk nahuatl. I setninga nedanfor har verbet eit prefiks for subjektet og eit prefiks for objektet (S = subjekt, O = objekt, BA = bunden (bestemd) artikkel):
Ni-qu-itta in pilli. ‘Eg ser ungen.’
eg(S)-ho/han(O)-ser BA unge
Og her er ei setning der verbet har eit prefiks for objektet (det finst ikkje noko prefiks for 3. persons subjekt):
Nēch-itta in pilli. ‘Ungen ser meg.’
meg(O)-ser BA unge
Abstrakte kasus
I generativ grammatikk operer ein med såkalla abstrakte kasus, som er eigenskapar ved nomenfrasar i djupstrukturen, til dømes slik at nomenfrasen the cat i setninga _The dog bit the cat '_Hunden beit katten' har det abstrakte kasuset akkusativ i djupstrukturen. Abstrakte kasus treng ikkje å bli realiserte som kasus i tradisjonell tyding i overflatestrukturen.