fjellova – Store norske leksikon (original) (raw)
Fjellova er ei norsk lov som regulerer beite, seterdrift, jakt, fangst og fiske i statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg. Lova gjeld ikkje for skogsdrift og hogstrettar.
Faktaboks
Fullt namn
lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane
Kortnamn
fjellova
Forkorting
fjell
Også kjend som
Lov om utnytting av rettar og lunnende (herligheter) m.m. av 6. juni 1975
Tredd i kraft
01.01.1976, 01.04.1976
Lovdata-ID
NL/lov/1975-06-06-31
Det er statsallmenningslova som regulerer virkesretten i statsallmenningar. Statsallmenningane tilhøyrer staten, men retten til bruken ligg til dei bygdene som ligg nærmast. Bruken er forvalta lokalt gjennom fjellstyra. Statsallmenningane har stor betydning som grunnlag for næring og busetjing i mange lokalsamfunn. I tillegg er statsallmenningane svært viktige rekreasjonsområde for både lokalbefolkning og tilreisande gjennom allemannsretten.
Den første fjellova kom i 1920. Same år kom ordninga med fjellstyre for statsallmenningane i Sør-Noreg. Fjellova av 1920 blei avløyst av nogjeldande fjellov i 1975.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg dekker eit areal på om lag 26 millionar dekar. Det er statsallmenningar i fylka Akershus, Agder, Innlandet, Buskerud, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Telemark og Trøndelag. Dei største areala er i Innlandet og Trøndelag. Statsallmenningane er i stor grad fjellområde, men det er også allmenningar med store skogareal. Den største delen av skogarealet i statsallmenningane ligg i Trøndelag og Innlandet. Det er statsallmenningar i 73 kommunar.
Innhaldet i lova
I lova sitt første kapittel kjem det fram kva lova regulerer. Det seiast òg at det kan bestemmast at lova skal gjelda på andre område som staten eig. I andre kapittel i lova seiast det at retten til allmenningsbruk ligg til bygd eller grend som frå gammal tid har hatt ein slik rett. I kvar kommune der det er statsallmenning, skal det vere eit fjellstyre som administrerer bruken av han.
Tredje kapittel gjev nærare reglar om organiseringa av, arbeidsoppgåvene til og samansettinga av fjellstyra. Fjellstyra i statsallmenningane i Sør-Noreg er organiserte i interesseorganisasjonen Norges Fjellstyresamband. I fjerde kapittel er det gitt reglar om sakshandsaminga i fjellstyra, medan femte kapittel gjev reglar om inntekter frå allmenningen som skal samlast i ei «fjellkasse».
I sjette kapittel finst reglar om disponering av grunnen. Grunnen i allmenningane kan ikkje bli disponert slik at dei som har allmenningsrett vert skadelidne. Det sjuande kapittelet avgrensar òg moglegheitane til å selge allmenningsgrunnen. Kapitla ni, ti og elleve gjev reglar om beite, seter, tilleggsjord, jakt, fangst og fiske i allmenningane. Det finst og reglar om vedtekter og skjønsavgjerder i lova.
Historikk
Heilt frå den tida jordbruket kom til Noreg, omkring 2800 år fvt., har jordbruksbefolkninga nytta dei tilgrensande naturområda i samband med gårdsdrifta. Allmenningsretten er derfor eldre enn den tidlegaste lovgivinga, og var naturleg nok tematisert i dei tidlegaste landskapslovene våre.
Retten til bruk av allmenningar ligg som nemnd til bygd eller grend som frå gammal tid har hatt slik rett. Om ei bygd eller grend har allmenningsrett og i kva utstrekking, må avgjerast konkret, der den historiske og bruksmessige utviklinga i området er av betydning. I Sør- og Midt-Noreg gjekk særdomstolen Høyfjellskommisjonen gjennom rettsforholda mellom staten og private i mellom 1908 og 1953. Her vart dei aller fleste spørsmåla om eigedomsrett og allmenningsrett avklart.
Fjellova gjeld berre for statsallmenningar i Sør- og Midt-Noreg. Staten eig òg grunn i Nordland og Troms, men desse statseigedommane er ikkje omfatta av fjellova. Dette omfattar over 50 millionar dekar i Nordland og Troms. I Finnmark er utmarka eigd av Finnmarkseigedommen.
I NOU 2018:11 Ny fjellov vart ei ny fjellov greidd ut og foreslått, men den er førebels ikkje vedteken av Stortinget.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Øyvind Ravna og Gunnar Eriksen (2023). Allmenningsretten i Norge – Ulike regler for like arealer, Cappelen Damm Akademisk
- Thor Falkanger, Allmenningsrett, Universitetsforlaget (2009)