folkefront – sovjetiske – Store norske leksikon (original) (raw)
Folkefront er ei samnemning for organisasjonar som blei danna for politiske føremål i dei ulike sovjetrepublikkane mot slutten av 1980-åra.
Bakgrunn og framvekst
Den første folkefronten i Sovjetunionen blei danna i Estland i april 1988, og snart følgde Latvia og Litauen etter. I løpet av 1988 oppstod det ulike folkefrontar i samtlege sovjetrepublikkar og også i fleire autonome republikkar innanfor sovjetrepublikkane.
Folkefrontane hadde ofte bakgrunn i aktive miljøvernorganisasjonar eller historiske foreiningar. Særleg etter at Mikhail Gorbatsjov i 1988 annonserte at det skulle haldast frie val i Sovjetunionen, var folkefrontane i kraftig vekst og likna etter kvart politiske parti. I mange republikkar sette representantar frå folkefrontane eit markert preg på nye, demokratisk valde parlament.
Dei baltiske sovjetrepublikkane låg fremst i denne utviklinga, og folkefrontane her hadde ein klar politisk profil. Ei særleg kjent markering som dei baltiske folkefrontane organiserte, var den samanhengande menneskekjeda gjennom dei baltiske republikkane 23. august 1988, til minne om Molotov-Ribbentrop-avtalen som opna opp for den sovjetiske invasjonen i 1939. I Ukraina var ulykka ved kjernekraftverket i Tsjornobyl ein viktig bakgrunn for gryande politisk aktivisme og veksande misnøye med den sovjetiske leiinga i Moskva. I Belarus blei aktivismen utløyst av openheita rundt brotsverka under Stalin og oppdaginga av massegraver. Rørsla «Demokratisk Russland» representerte ein russisk folkefront.
Danninga av folkefrontar hadde støtte hos leiinga i Moskva, som såg på dei som «folkefrontar for perestrojka». Dei utvikla seg likevel snart til ei sjølvstendig, politisk kraft, ofte med ein antikommunistisk profil, som sette fram krav om autonomi eller suverenitet og etter kvart fullt sjølvstende.
Etter at sovjetrepublikkane blei sjølvstendige i 1991, blei folkefrontane snart erstatta av meir tradisjonelle politiske parti, men ei rekke politiske leiarar i dei nye statane hadde bakgrunn frå folkefrontar.