furuslekta (original) (raw)
Furu. Tre, moden frøkongle og kvist av vanleg furu, Pinus sylvestris.
Hann- og hokongler (pollenkongler og unge frøkongler) på same tre. Hannkonglene er gule og sit nede på langskota, medan hokonglene i dette stadiet er raude og sit i toppen av skota.
Furuslekta er ei bartreslekt i furufamilien. Furuslekta består av 120 – 140 artar, alt etter korleis ulike bartrespesialistar klassifiserer variasjonen innan slekta. Viltveksande furu i Noreg tilhøyrer arten vanleg furu (Pinus sylvestris).
Faktaboks
furu av norrønt fura; Pinus gammalt latinsk (romersk) namn på furu (pinje)
Pinus
Beskriven av
Bygning
Furuartane har kransstilte kvister og fleirårige nåler som sit saman i knippe på to, tre eller fem – opptil åtte på små kortskot (dverggreiner) på langskot som berre har små, brunlege skjelblad utan klorofyll. Éin enkelt art, Pinus monophylla, har einslege nåler. Hann- og hokongler sit på same tre (sambu). Hannkonglene (pollenkonglene) er gule når dei har modent pollen. Dei sit nede på eit langskot. Dei unge hokonglene (frøkonglene) er gjerne raude og sit i toppen av langskot. Når frøkonglene veks ut, blir dei først grøne, sidan brune eller gråbrune. Dei treng oftast to somrar til modninga. I dei modne konglene er kongleskjela sterkt fortjukka i toppen. Dei lengste konglene finst hos sukkerfuru og kan bli 50 til 60 centimeter lange. Dei største konglene når det gjeld volum og vekt har kjempekonglefuru (Pinus coulteri) der det er dokumentert kongler på 3,6 kilogram.
Pollenkorna blir produserte i store massar. Dei har to blæreforma luftsekker, og pollineringa (bestøvinga) skjer med vinden.
Hos dei fleste artane har frøa ein stor, hinneaktig venge, slik at dei blir spreidde med vinden. Artar som montereyfuru og banksfuru er avhengige av skogbrann (høge temperaturar) for at konglene skal opna seg. Hos nokre artar er frøa etande, det gjeld spesielt sukkerfuru, pinje, sembrafuru og sibirfuru. Hos desse artane manglar frøa venge, og dei blir spreidde ved at fuglar og andre frøetande dyr mistar eller gløymer ein del frø. Dersom desse hamnar på ein høveleg stad, kan dei spire til nye plantar (ei form for epizoisk frøspreiing).
Dei mest kjente utanlandske furuartane
Vår heimlege vanleg furu har to nåler i knippet. Viktige framande artar med to nåler i knippet er buskfuru, bergfuru, vrifuru, svartfuru, aleppofuru, pinje, strandfuru (Pinus pinaster) og raudfuru (Pinus resinosa).
Av furuartar med tre nåler i knippet har mange norske sydenturistar sett kanarifuru, som er endemisk (stadeigen) på Kanariøyane og dannar store skogar der, men som også er funnen i fossile lag i Sør-Europa. Knippe med tre nåler har også gullfuru (Pinus ponderosa), kjempekonglefuru (Pinus coulteri), sumpfuru (Pinus palustris) og virakfuru (Pinus taeda) i Nord-Amerika. Revehalefuru (Pinus aristata) frå Nord-Amerika høyrer sannsynlegvis til dei eldste nolevande plantane på Jorda.
Furuartar med fem nåler i knippet finst både i Europa, Asia og Nord-Amerika. Ein søreuropeisk art er sembrafuru. I Asia har vi sibirfuru og tårefuru (Pinus wallichiana). Nordamerikanske er sukkerfuru og weymouthfuru.
Les meir i Store norske leksikon

Pinus, furu. Foto frå: Viken, Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Viken, Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Tiveden Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Viken, Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Tiveden Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Tiveden, Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Tiveden Sverige
Pinus, furu. Foto frå: Glatved, Djursland, Danmark
Pinus, furu. Foto frå: Tiveden Sverige
Faktaboks
Pinus
Artsdatabanken-ID
GBIF-ID