gamalnorsk – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Også kjend som
bokmål: gammelnorsk
Gamalnorsk var språket i Noreg frå byrjinga av vikingtida fram til andre halvdel av 1300-talet.
I Noreg har nemninga òg blitt brukt om mellomalderspråket i landområde som vart befolka frå Noreg i vikingtida. Dette fellesspråket kallar me no vanlegvis norrønt på norsk, eit omgrep som dekkjer både gamalnorsk og gamalislandsk.
Ortografien i dei gamalnorske tekstane på 1200- og 1300-talet kan skilje seg sterkt frå den normaliserte norrøne ortografien, som tek utgangspunkt i gamalislandsk språk ved byrjinga av 1200-talet. Til dømes er det i gammalnorske tekstar ikkje vanleg med h framfor l, r og n (laupa, ross, nót for hlaupa, hross, hnot), diftongen ey blir ofte skriven øy (høyra for heyra, «høyre»), teikna ǫ (o med kvist) blir svært sjeldan brukt, og gamalnorske tekstar kan gjerne både bruke svarabhaktivokal og følgje reglane for vokalharmoni.
Gamalnorske trekk kan òg finnast i islandske handskrifter. Slike trekk kan forklarast med språkleg påverknad frå Noreg eller med at islandske avskrifter har hatt norske førelegg (grunntekstar). Dei kan òg forklarast som språklege tilpassingar i litteratur som skulle eksporterast frå Island til Noreg.