islandsk – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Språkkodar

is, isl, ice (IS, ISL, ICE)

ISO-639:3

isl

Edd og thorn

Det islandske alfabetet bruker Á, É, Ó og fire særeigne bokstavar Ð/ð (edd), Þ/þ (thorn), Æ og Ö. Edd blir transkribert som d. Thorn blir transkribert som Th eller T, for eksempel Þingvellir (Thingvellir).

Islandsk er eit språk som høyrer til dei nordgermanske eller nordiske språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med norsk og færøysk dannar islandsk ei vestnordisk grein innan dei nordiske språka. Islandsk er offisielt språk på Island.

Islandsk er førstespråket til 300 000 menneske på Island. Språket lever òg blant utvandrarar i Nord-Amerika, mellom anna i byen Gimli i Manitoba.

Ísland er endonymet (ordet på språket sjølv) for Island. Språket heiter íslenska. Íslendingur tyder ‘islending’.

Språkfamilie

Språkhistorie

Islandsk før 1350 blir kalla fornmál ‘fornmål’, frå 1350 til 1600 miðmál ‘midmål’ og seinare nýmál ‘nymål’. Viktig litteratur på fornmál er Landnámabók (1100-talet), Snorres Edda (1220-åra), Heimskringla (1220-åra) og islendingesogene (1200–1350). Dei eldste bevarte islandske tekstane er frå kring 1100.

Islandsk har utvikla seg frå dei sørvestnorske dialektane som dei første innvandrarane frå Noreg snakka. Allereie på 1000-talet byrja språket til landnåmsmennene å skilje seg frå norsk. Islandsk har framleis lydsambanda hl, hn og hr i framlyd, medan h fall bort i desse stillingane i gammalnorsk, til dømes islandsk hlutr, hnefi, hrafn mot gammalnorsk lutr, nefi, rafn. Frå 1200-talet utvikla språket i Noreg og på Island seg endå meir frå kvarandre. Islandsk beheldt det gamle preget. Det er inga merkbar svekking av endestavingane, og bøyingsverket er den dag i dag lite forandra.

Frå 1100-talet byrjar ei rekkje særislandske lydovergangar som tydelegare skilde islandsk ut som eige språk. Nokre døme på endringar:

I slutten av mellomalderen vart dei gamle kvantitetsforholda – lengdene på stavingane – forlate i islandsk som i norsk; alle trykksterke stavingar vart lange.

Islendingane låner sjeldan ord frå andre språk i skriftspråket, men lagar heller sine eigne. Nokre døme: alnæmi ‘aids’ («allsårnæme»), knéfiðla ‘cello’ («knefele»), rafmagn ‘elektrisitet’ («ravkraft»), smjörlíki ‘margarin’ («smørlike»). I det munnlege språket er lånord mykje vanlegare.

Språksystem

Islandsk er meir konservativt enn andre levande germanske språk. Pronomen, adjektiv og substantiv blir bøygde i fire kasus, og verb blir bøygde i person og tal. Døma nedanfor viser kasusbøyinga av hundur ‘hund’ (i bunden form eintal):

Talorda frå 1 til 4 blir bøygde i tre genus – jamfør þrír menn ‘tre menn’, þrjár konur ‘tre kvinner’ og þrjú börn ‘tre born’.

Skriftspråket

Som skriftspråk kjenner vi islandsk frå 1100-talet. Skrifttradisjonen har halde seg ubrote, og den gamle litteraturen vart lesen, skriven av og utvikla heilt ned til førre hundreåret. Ordtilfang, setningsbygning og stilslag har òg halde seg levande i skriftspråket, og det skil seg ofte markant frå det munnlege på desse områda. Den litterære tradisjonen kan vere ein av grunnane til at islandsk har få og ubetydelege dialektforskjellar.

Frå 1400- til 1700-talet vart mange lånord frå dansk, tysk og latin teke opp i litteraturen, men på 1800-talet vart denne innverknaden møtt av sterk purisme. Denne purismen held seg framleis. I islandsk blir moderne internasjonale framandord derfor gjerne omsett ut frå det eksisterande ordtilfanget, slik at eit ord som mobiltelefon på islandsk blir farsimi ('reisetråd'), geologi blir jarðfræði ('jordkunnskap'), teater blir leikhús og elektrisitet blir rafmagn ('ravkraft'). Strukturen til språket gjer det mogleg å uttrykkje nye omgrep ved samansetningar og avleiingar av gamle grunnord.

Talemålet

Purismen var ikkje like sterk i talemålet som i skriftspråket, og talemålet har derfor lånord som ikkje er allment godtekne i skrift. Det kan vere ord frå dansk, som blondína, elegant og servíetta, og, spesielt i slang, frå engelsk, som meika ('greie, klare') ('wow') og sörfa ('surfe').

Talemålet speglar heller ikkje skriftspråket i uttale på same måte som før; ord som nefnilega ('nemleg') og náttúrulega ('naturlegvis') kan i uformell tale bli trekt kraftig saman (/neppla/ og /naottla/). I meir formelle samanhengar er dette trekket ikkje like framtredande.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar (4)