khi – bokstav i det greske alfabetet – Store norske leksikon (original) (raw)

Bokstaven khi i det greske alfabetet i ulike skrifttypar

Khi eller chi, er den 22. bokstaven i det greske alfabetet (X, χ). Han vert transkribert i norsk med kh.

Faktaboks

Khi vart i klassisk gresk uttalt som ein aspirert _k_-lyd (postaspirert ustemd velar plosiv []), men har i moderne gresk (nygresk) utvikla seg til ein lyd som austnorsk kj (ustemd palatal frikativ, IPA-lydskrift: [ç]) eller tysk ch i ordet ach (ustemd velar frikativ, IPA-lydskrift: [x]), avhengig av den etterfylgjande vokalen.

Khi har verdien 600 i det greske talsystemet.

Khi i nokre vitskapsgreiner

Statistikk: χ2-fordelinga (eller khikvadratfordelinga) er ei statistisk fordeling.

Religion: i kristen symbolikk er khi-rho (☧, ein kombinasjon av dei greske bokstavane X khi og P rho) eit vanleg kristusmonogram, det vil seia ein avstytt skrivemåte for namnet Kristus eller Jesus Kristus.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar