lommelås – Store norske leksikon (original) (raw)

Lauslomme med lås

Lauslomme med lås

Av Anno Glomdalsmuseet.

Lisens:Avgrensa gjenbruk

Lommelås er ein lukkemekanisme til lauslommar, bunadvesker, og har vanlegvis ein krok til å feste i beltet eller i ei trådhempe på liv eller stakkelinning.

Faktaboks

Også kjend som

veskelås

Dei aller fleste av bunadane i dag har lauslomme og det er utarbeidd eigne låser for mange av desse bunadane. Lommelåsen er vanlegvis støypt og er gjerne laga i sølv, sølvplett eller messing.

Låsen har små hol i nederkant og lauslomma syast fast gjennom desse.