nomen agentis (original) (raw)

Nomen agentis er eit substantiv som viser til ein person som utfører ei handling, som fiskar eller lærar.

Faktaboks

Etymologi

latinsk uttrykk, der nōmen 'namn' er nytta i tydinga 'substantiv'. Agentis er genitiv eintal av agens 'handlande', imperfektum (presens) partisipp av agō 'eg handlar, eg gjer'

Eit typisk norsk nomen agentis har endinga -ar (bokmål -er) lagd til ei verbstamme.

I uttrykket nomen agentis er ordet nomen brukt i same tyding som substantiv.

Eit anna namn på nomen agentis er handlarnomen.

Nomen agentis i norsk

Norske nomen agentis er oftast danna av verb, som regel med suffikset -ar (bokmål -er) lagt til stamma:

Nokre nomen agentis er samansetningar med eit forledd som utdjupar kva handlinga dreiar seg om. I fleire tilfelle finst etterleddet på -ar berre i slike samansetningar:

Nokre samansette nomen agentis har makar som etterledd. Heile leddet makar er lånt frå nedertysk maker, danna av det nedertyske verbet maken 'gjere, lage':

Det finst òg nomen agentis som er lånte frå andre språk og som derfor har ein annan morfologisk struktur:

Nokre nomen agentis er danna frå substantiv:

Meir om tydinga

Mange nomen agentis står for særskilde yrke, som fiskar, lærar og forskar, medan andre berre karakteriserer personar, som gruvlar/grublar 'person som gruvlar/grublar mykje' og sjarmør 'mann eller gut som har evna til å sjarmere'. Atter andre viser til noko ein person berre gjer i ein særskild samanheng, som akkompagnatør.

Nomen instrumenti — reiskapsnomen

Det finst ord med same struktur som til dømes lærar og forskar, men som ikkje er nomen agentis, fordi dei viser til reiskapar eller andre innretningar. Dei blir kallar nomen instrumenti eller reiskapsnomen

Også ein del lånord med same struktur som lånte nomen agentis høyrer heime i denne gruppa:

Ord som liknar — men ikkje er — nomen agentis

Innbyggjarnamn som berlinar og bergensar endar på -ar, men er ikkje nomen agentis. Dei viser ikkje til personar som utfører handlingar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar