numerus – grammatikk – Store norske leksikon (original) (raw)

Numerus blir brukt i språkvitskapen i samband med ord som kan bøyast for å uttrykkje ulike teljelege mengder eller antal: eintal (singularis) og fleirtal (pluralis) – og i nokre språk også i total (dualis). Numerus blir òg kalla tal.

Faktaboks

Uttale

nˈumerus

Etymologi

av latin numerus 'tal'

Eit døme er norske substantiv, som har to eintalsformer og to fleirtalsformer:

eintal fleirtal
ubunden / ubestemt båt båtar
bunden / bestemt båten båtane

norsk blir numerus også uttrykt i adjektiv, pronomen, determinativ og perfektum partisipp, ofte ved at slike ord er samsvarsbøygde med substantiv, som vist i desse eksempla:

I mange språk har verbet numerusbøying, oftast ved at det er samsvarsbøygt med subjektet, som i 3. person i presensengelsk:

Numerus og teljelege og uteljelege substantiv

Ikkje alle substantiv blir bøygde i numerus. Føresetnaden er at dei viser til noko som kan teljast, noko teljeleg. I teljelege substantiv (substantiv som viser til noko teljeleg) – som båt, lampe, ku, hus, rose, planet – viser eintalsformene til eitt enkelt eksemplar, medan fleirtalsformene viser til to eller fleire eksemplar.

Uteljelege substantiv viser til fenomen som ikkje kan teljast, som væsker (blod, øl, vatn, mjølk), massar (sand, smør, krut) og abstrakte omgrep (kjærleik, hat, venskap). Slike substantiv har normalt berre eintalsform, utan at eintal viser til eitt eksemplar av noko.

Teljelege substantiv brukar vi i uttrykk som éin bil, to bilar, få bilar, mange bilar og så bortetter. Men vi kan ikkje bruke uteljelege substantiv i slike uttrykk og seie 'eitt blod', 'to blod', 'få blod' eller 'mange blod', medan vi kan seie litt blod eller mykje blod.

Fenomen som kan teljast, har som regel ei fast form, som ein båt eller ei ku, medan fenomen som ikkje kan teljast, manglar ei fast form, som blod eller vatn. Tek du noko teljeleg som ein sykkel og deler han i to, får du ikkje to syklar, men to halve syklar, og du kan ikkje kalle dei to delane for syklar. Tek du derimot noko uteljeleg, som litt smør, og deler det i to, er begge delane framleis noko du kan kalle smør.

Skiljet mellom eintal og fleirtal

I dei fleste tilfelle er det ikkje vanskeleg å avgjere kva som er teljelege fenomen, som i desse døma:

Men det finst nokre substantiv som kan brukast både i eintal og fleirtal utan skilnad i tyding, ofte fordi dei viser til ting som kan sjåast på som både éin ting og to ting:

Det er ikkje alltid eit klårt skilje mellom ein masse og ei mengd med små ting. På norsk brukar vi hår både om (1) eit enkelt hårstrå (noko teljeleg) og om (2) hårveksten på hovudet (noko uteljeleg):

  1. Han hadde ikkje mange håra att på hovudet.
  2. Har du gløymt å kjemme håret ditt i dag?

fransk brukar dei eintalsforma cheveu 'hår' om (1) eitt enkelt hårstrå, men (2) fleirtalsforma cheveux om 'alle håra' (= hårveksten) på hovudet:

nordsamisk brukar dei i fleire tilfelle eintal om ei (uteljeleg) væske og fleirtal om det som på norsk blir omtala med eintalsord med massetyding, men som det er mogeleg å sjå på som ei samling av mange små ting:

Typar og slag

Når vi reknar blod, øl, vin, kaffi, te og liknande som uteljelege substantiv, tenkjer vi på væsker og massar, men alle slike substantiv har ei ekstra teljeleg tyding. Det teljelege ordet vin i setningane nedanfor tyder 'type vin', til dømes Villa Molino Amarone della Valpolicella 2015 i motsetnad til Kendall-Jackson Vintner's Reserve Pinot Noir 2018:

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar