stearin – Store norske leksikon (original) (raw)
Strukturformel for stearin
Stearin er eit fast feittstoff utan lukt og smak. Stearin blir mellom anna brukt til å produsere stearinlys.
Faktaboks
Også kjend som
tristearin
Saman med palmitin og olein utgjer stearin hovudbestanddelen i dei fleste typar animalsk og vegetabilsk feitt, til dømes talg og kakaofeitt.
Når slike feitt-typar blir smelta og deretter avkjølte, vil olein delvis kunne fjernast ved utpressing (oleomargarin), medan ein fast masse som i hovudsak består av stearin og palmitin, blir igjen.
Bruk
Stearin blir mellom anna brukt til produsere stearinlys. Lys av rein stearin blir for sprø, difor blir det gjerne tilsett fast parafin (parafinvoks). Tidlegare brukte ein lys av berre parafin, men slike lys blir for blaute.
Kjemisk samansetjing
Stearin er glyserolester av stearinsyre og har kjemisk formel (C17H35COO)3C3H5. Smeltepunktet er 72 °C.
Framstilling
Stearin blir framstilt ved katalytisk hydrogenering av oljer, eller av stearinsyre og glyserol i nærvær av Al2O3.