affiks – språkvitskap – Store norske leksikon (original) (raw)
Affiks er i språkvitskapen ein orddel som er lagd til rota eller stamma til eit ord, som når vi legg affiksa u- og -leg til rota ven: u-ven-leg.
Faktaboks
Uttale
affˈiks
av latin ‘festet til’
Vi brukar affiks i samband med bøying og avleiing. Nokre eksempel er u-, _for_-, -leg og -e i uforklarlege. I ein morfologisk analyse set ein som regel inn bindestrekar for å vise kva affiks eit ord inneheld: u-for-klar-leg-e.
Bøying
Substantivet fest har bøyingsformene fest, festen, festar, festane. Skilnadene på bøyingsformene kjem fram ved hjelp av dei tre bøyingsuffiksa -en, -ar og -ane. I ordet uforklarlege er -e eit bøyingsaffiks.
Avleiing
På norsk kan vi lage adjektiv mellom anna ved å leggje affikset -leg til eit substantiv:
- fest ⇨ festleg
- hus ⇨ husleg
I ordet uforklarlege er u-, for- og -leg avleiingsaffiks.
Affikstypar
Det finst fleire typar affiks, som har namn etter kvar dei blir lagde til i høve til rota eller stamma:
- prefiks blir lagt til føre ei rot eller ei stamme
- infiks blir lagt til inni ei rot
- suffiks blir lagt til etter ei rot eller ei stamme
- sirkumfiks har ein del som blir lagd føre og ein annan del som blir lagd til etter ei rot eller ei stamme
Prefiks
Affiksa u- og for- i u-for-klar-leg-e er prefiks. Affikset be- i be-døve ‘gjere (kroppsdel) kjenslelaus’ er eit prefiks, som her er lagt til basen (rota) døv.
Infiks
Norsk har ikkje infiks, men dei finst mellom anna i latin. Verbet rumpō ‘eg riv sund’ har rota rup, som vi mellom anna finn i perfektum partisipp ruptus ‘sundriven’. Presensforma rumpō har infikset m mellom vokalen og den siste konsonanten i rota. Vi kjenner att denne rota og dette infikset når vi samanliknar dei norske orda korrumpere og korrupt, som er lånte frå latin. For å markere at noko er eit infiks, brukar språkforskarar vinkelparentesar: rupō.
Suffiks
Affiksa -n og -e i sov-n-e ‘falle i søvn’ er suffiks. Suffikset -n er lagt til rota sov, medan -e er lagd til stamma sovn. Suffiks er den vanlegaste affikstypen i norsk.
Sirkumfiks
Norsk har heller ikkje sirkumfiks, men dei finst mellom anna i berberske språk. Det kabyliske substantivet amɣar tyder ‘gamal mann’. Når vi legg til ein t føre og ein t etter denne basen, får vi t-amɣar-t, som tyder ‘gamal kvinne’. Sirkumfikset t–…-t er den vanlege markøren for hokjønn eintal i berberske språk.
Somme reknar ge-…-en og ge–…–t i tyske perfektum partisipp som sirkumfiks: ge-fund-en ‘funne’, ge-sag-t ‘sagt’.