superlativ – Store norske leksikon (original) (raw)

Superlativ er ei gradbøying av adjektiv eller adverb. Høgast er eit adjektiv i superlativ og oftast eit adverb i superlativ.

Faktaboks

Uttale

supˈerlativ

Etymologi

av latin ‘overdrive’

Superlativ er eit trekk i den grammatiske kategorien grad, og står i motsetnad til positiv og komparativ.

Superlativ blir nytta i grammatiske konstruksjonar som uttrykkjer at A har ein eigenskap i større grad enn andre medlemer av ei gruppe som A høyrer til. På norsk seier vi til dømes:

Galdhøpiggen høyrer til gruppa norske fjell, og i den gruppa har Galdhøpiggen eigenskapen høg i større grad enn andre medlemer av gruppa.

Ved relativt lange adjektiv blir komparativ uttrykt perifrastisk med adverba mest, til dømes mest intelligent og mest attraktiv som i Solveig er mest intelligent av heile gjengen og Lukas er mest attraktiv av dei.

Les meir i Store norske leksikon