komparativ – Store norske leksikon (original) (raw)

Komparativ er ei gradbøying av adjektiv og adverb. Nokre eksempel på adjektiv i komparativ er større og finare.

Faktaboks

Uttale

kompˈarativ

Etymologi

av latin comparātīvus (adjektiv) ‘samanliknande’; (substantiv) ‘ord i komparativ’. Ordet er avleitt av comparāre (verb) ‘jamføre, samanlikne’.

Komparativ er eit trekk i den grammatiske kategorien grad, og står i motsetnad til positiv og superlativ.

Komparativ blir nytta i grammatiske konstruksjonar som uttrykkjer at A har ein eigenskap i ein annan grad enn B, som når vi på norsk seier Marianne er flinkare enn Matteus. Her er flinkare ei komparativ bøyingsform av adjektivet flink.

Ved relativt lange adjektiv blir komparativ uttrykt perifrastisk med adverba meir eller mindre, til dømes meir intelligent og mindre attraktiv som i Solveig er meir intelligent enn Hjørdis og Lukas er mindre attraktiv enn Markus.

Komparativ på norsk

norsk har vi ikkje berre komparative former av adjektiv, men også av adverb, dessutan av substantiv og preposisjonsfrasar (preposisjonsuttrykk) med adjektivisk eller adverbial tyding:

Adverb:

Substantiv med adjektivisk tyding:

Preposisjonsfrase med adjektivisk tyding:

Preposisjonsfrase med adverbial tyding:

Komparativformer kan òg nyttast utan ei eksplisitt samanlikning, som i No skal vi ha ein betre middag. Dette kallar vi absolutt komparativ.

Strukturen til ein komparativkonstruksjon

Ein komparativkonstruksjon har fleire delar. Setninga Solveig er meir intelligent enn Hjørdis kan analyserast slik:

Ledd Ord
komparandum Solveig
indeks meir
parameter intelligent
markør enn
komparatum / standard Hjørdis

Tydinga til parameteren

Eit ord eller uttrykk som skal fungere som parameter, må uttrykkje ei graderbar tyding, som illustrert ovanfor med mellom anna flink, attraktiv, intelligent, fort og usamanhengande. Uttrykk med ikkje-graderbar tyding, som død, levande, gift og kristen, kan ikkje utan vidare nyttast i ein komparativkonstruksjon. Til dømes tyder gift ‘ektevigd’, og anten er ein ektevigd eller så er ein det ikkje. Når det likevel går an å seie Maria er meir gift enn Elisabet, brukar vi adjektivet gift i ei graderbar tyding, og setninga tyder ‘Maria har fleire eigenskapar som særmerkjer gifte folk enn det Elisabet har’, og vi oppfattar det slik at Elisabeth er gift, men ho lever likevel på visse måtar lever eit «ungkarsliv».

Komparativ i andre språk

I europeiske språk finn vi komparativkonstruksjonar som liknar den norske. På sørsamisk ser konstruksjonen slik ut, og kan bokstavleg setjast om som «Elg [er] større frå rein» (SG = singularis = eintal):

Komparandum står i kasuset nominativ, og komparatum i kasuset elativ (fråstadskasus), som fungerer som markør.

gresk er markøren ein preposisjon som tyder ‘frå’, men elles avvik konstruksjonen lite frå norsk (BA = bunden artikkel; SG = singularis / eintal; NOM = nominativ; AKK = akkusativ; KOMP = komparativ):

Mange afrikanske språk har ein konstruksjon med eit verb med tydinga ‘overgå’, som i denne setninga frå fulfulde-dialekten i Nord-Kamerun, som bokstavleg tyder «Hund overgår katt [når det gjeld] styrke»:

Sjølv om fulfulde har adjektiv, er parameteren eit substantiv, og indeksen og markøren er uttrykte saman i eit verb som i infinitiv heiter ɓurgo ‘overgå’. Komparandum og komparatum er høvesvis subjekt og objekt til dette verbet.

På mandarin finn vi ein tredje måte å gjere det på. Denne setninga tyder bokstavleg «Denne skulen enn den skulen er stor» (MO = måleord):

Markøren 比 ‘enn’ (eller ‘samanlikna med’) står føre komparatum, og det finst ingen indeks.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)