teolog – Store norske leksikon (original) (raw)

Teolog er ein person som er utdanna i eller studerer teologi; eller ein forskar med teologi som fag.

I Noreg er ein teolog ein person som har teke teologisk eksamen av høgare grad (teologisk embetseksamen, cand.theol.). Dei fleste arbeider som prestar.

I 1629 vart teologisk embetseksamen obligatorisk for dei som skulle bli prestar. I dagens profesjonsstudium i teologi er praktisk-teologisk utdanning integrert i studiet, som normalt tek seks år (360 studiepoeng). I Den norske kyrkja er dette hovedveien for å bli prest, men kyrkja har opna for at det også er mogeleg å bli prest gjennom alternativ kompetanse. Strengt tatt tyder det at ein ikkje treng å vere teolog for å bli vigsla til prestetjeneste.

Les meir i Store norske leksikon