tomtefestelova – Store norske leksikon (original) (raw)

Tomtefestelova er ei norsk lov som regulerer avtalar om tomtefeste. Dette er når eigedomsrett til ein bustad eller bygning og eigedomsrett til grunnen er på ulike hender. Lova regulerer også spørsmål om bruksrettar som inngår i festetomta.

Faktaboks

Fullt namn

lov om tomtefeste

Kortnamn

tomtefestelova

Forkorting

tfl

Også kjend som

tomtefesteloven

Tredd i kraft

01.01.2002

Lovdata-ID

NL/lov/1996-12-20-106

Lova gjer unntak frå prinsippet om avtalefrihet i norsk rett. Andre lovar som regulerer ulike eigarordningar for bustadar er mellom anna eierseksjonsloven og husleieloven.

Nogjeldande lov vart innført i 1996 og har vorte endra fleire gongar sidan: med omsyn til fastsetting av innløysingssum, og med omsyn til tidsavgrensa eller tidsuavgrensa kontraktar. Sjølv om tomtefeste er ei eiga ordning, kan lova òg sjåast i samanheng med husmannsordninga og utviklinga som fann stad på 1900-talet gjennom jordlova.

Les meir i Store norske leksikon