undertrøye – Store norske leksikon (original) (raw)

Undertrøye er eit plagg til å ha på seg under trøya. Det kan vere brukt om ein vest, men også om ei underskjorte til å ha på inntil kroppen.

Ordet er også brukt om eit plagg av ull eller halvull, vove eller strikka, som ein har på seg under trøya, eller også under vest eller liv, når det er kaldt.

I folkedrakttradisjon i Flesberg er undertrøye det same som ei nyvevnadstrøye, og i Hallingdal ei mønstrete, blomstrete eller stripete bomulls- eller ullskjorte som kvinnene brukte saman med dos og stakk.

I moderne tid brukes undertrøye om en singlet som brukes under skjorter.

Les meir i Store norske leksikon