diett – Lille norske leksikon (original) (raw)
Mange som lever på diett, tilpassar kva for mat dei kan ete. Veganarar og folk som er allergiske mot laktose, brukar plantemjølk i staden for mjølk frå kyr. Frå venstre mot høgre syner biletet mjølk av hassenøtter, havre, kokos og mandlar.
Diett er reglar for kva slags mat ein skal ete. Somme følgjer ein diett fordi dei har ein sjukdom som gjer at dei må ete på ein bestemd måte. Dei aller fleste treng ikkje å følgje ein spesiell diett, utanom å velje sunn mat.
Ordet diett blir òg brukt for å skildre eit generelt kosthald. Om ein er vegetarianar, kan ein seie at ein følgjer ein vegetarisk diett eller ein har eit vegetarisk kosthald.
Grunnar til å følgje ein diett
- Ein har ein sjukdom
- Ein er allergisk mot enkelte matvarer
- Ein følgjer ein religion som har reglar om mat
- Ein meiner at det er feil å drepe dyr for å få mat
- Ein vil slanke seg
- Ein vil bli sunnare
Somme må følgje ein diett heile livet. Om ein har glutenallergi, kan ein for eksempel ikkje ete noko som inneheld kveitemjøl. Om ein er allergisk mot skaldyr, kan ein aldri ete dette. Det kan vere farleg.
Om sjukdom gjer at ein ikkje toler bestemde matvarer, kan legen seie at ein må følgje ein diett. Då må ein kanskje ete meir av éin type mat, eller la vere å ete noko i ein periode. Ein kan slutte på denne typen diettar, når ein er frisk igjen.
Religion og verdiar
Somme følgjer ein diett fordi dei meiner det er rett. Det kan vere på grunn av reglar i ein religion, eller at ein synest det er gale å drepe dyr for å få mat til menneske.
I somme religionar er det forbode å ete bestemde matvarer. Mange hinduar er vegetarianarar. Muslimar et ikkje svinekjøtt, og mange jødar et berre mat som er kosher.
Mange synest det er gale å drepe dyr for å ete dei. Dei vel difor ein vegetarisk diett.
Nokon synest det er gale å bruke dyr, eller noko som kjem frå dyr, til mat i det heile teke. Difor vil dei heller ikkje ete egg, mjølk, smør eller ost. Då følgjer dei ein vegansk diett.
Slanking
![Trenger du noen å snakke med?
Mental Helse Hjelpetelefonen Telefon: 116 123 (hele døgnet) Chat: Sidetmedord.no
Rådgivning for spiseforstyrrelser Chat: nettros.no/chat/
Spiseforstyrrelsesforeningen Telefon: 229 400 10 ](https://media.snl.no/media/288648/standard_Hjelpelinje_spiseforstyrrelse2.png)
Somme følgjer ein viss diett, fordi dei vil slanke seg. Det er ikkje sunt å ete veldig lite eller å kutte ut heile grupper med matvarer. Då kan ein få for lite av vitamin og mineral, som er viktige for kroppen. I verste fall kan ein få eteforstyrringar eller bli sjuk på andre måtar.
Likevel følgjer somme ein diett i ein viss periode, fordi dei vil slanke seg. Viss ein vil ha råd om vekt og diett, bør ein snakke med ein lege eller helsesjukepleiar. Barn og ungdom bør ikkje slanke seg, utan å snakke med ein vaksen først.
Det finst mange ulike diettar på internett, sosiale medium og mellom influensarar. Mange av diettane kan vere farlege eller usunne å følgje.