Tor Ulven (original) (raw)

Faktaboks

Tor Ulven

Tor Arvid Ulven

Fødd

14. november 1953, Oslo

Død

18. mai 1995, Oslo

Virke

forfattar

Tor Ulven var ein norsk forfatter. Tida som kategori er eit sentralt tema, og han er kjend for å vere spesielt oppteken av «spor og restar», menneskas og naturens arkeologiske teikn. Tittelen Etter oss, teikn kan fungere som overskrift til den samla forfattarskapen. Desse karakteristikkane røystar òg for prosabøkene, men ganske spesielt for Gravgaver, med undertittelen Fragmentarium.

Tor Ulven var ein norsk forfattar. Han var fyrst og fremst lyrikar, men skreiv òg prosabøker.

Ulven høyrer til dei mest originale lyrikarane i sin generasjon. Lyrikken hans er mellom anna påverka av Schopenhauer og gjev uttrykk for eit sterkt dødsmedvit og ein livsfilosofisk pessimisme. I både poesi og prosa er den eksistensielle pessimismen følgd av ein neddempa, svartsynt humor.

Ulven har hatt mykje å seie for norsk litteratur. Innverknaden blir sjeldan spora direkte, men han blir ofte vist til og diskutert.

Bakgrunn

Tor Ulven var fødd i Oslo. Han gjekk Forsøksgymnaset, tok kranførarsertifikat og hadde ulike praktiske jobbar i ungdomstida. Etter debuten var han forfattar på heiltid. Han var svært mediesky og gav berre eitt intervju, til litteraturtidsskriftet Vagant i 1993. Han tok sitt eige liv i 1995.

Forfattarskapen

Ulven debuterte i 1977 med den surrealistisk inspirerte diktsamlinga I skuggen av urfuglen. I denne, men også i dei seinare diktsamlingane (1980–1989), gjev han uttrykk for ei tragisk livshaldning. I ungdomen tilhøyrde han eit litterært miljø som tok preg av anarkisme og surrealisme. Han forlét aldri heilt desse innverknadene, men i seinare bøker var han ikkje eksplisitt surrealist slik han hadde vore i debutsamlinga.

Lyrikk

Etter oss, tegn (1980), Forsvinningspunkt (1981), Det tålmodige (1987) og Søppelsolen (1989) er alle høgst originale diktsamlingar, bygde opp rundt ei lågmælt, men likevel tydeleg diktarrøyst. Språket til Ulven er finstemt, detaljert og musikalsk. Arkeologiske leivningar, som til dømes knoklar, hovudskallar og ruinar, er gjennomgåande motiv i dikta. Desse motiva peikar òg mot nokre sentrale tema i Ulven sin forfattarskap: tid, død og forsvinning. Både tematisk og stilistisk kan Tor Ulven såleis minne om den rumenske diktaren Paul Celan.

Ulven sitt diktunivers er mørkt og pessimistisk, men dikta hans er likevel ikkje frie for humor: «Livet er avlyst», heiter det til dømes i eit dikt. I 1996 kom Etterlatte dikt, og i 2000 kom Samlede dikt.

Prosa

Tor Ulven. Nei, ikke det : historier. Gyldendal. Oslo, 1990.

Ulven er òg ein av dei viktigaste kortprosaforfattarane i nyare norsk litteratur. Han publiserte lyrisk prosa i Gravgaver (1988), Fortæring (1991) og Stein og speil (1995), og historier i Nei, ikke det (1990) og Vente og ikke se (1994). Avløsning (1993) er den einaste romanen han skreiv. Prosaen hans er poetisk, og materiell detaljfiksering er kombinert med eksistensielle og kosmiske perspektiv. Han skreiv ei eiga form for modernistisk realisme og hadde ei sjeldsynt evne til å skrive gåtefullt og glasklart, kryptisk og klarsynt på same tid.

Ulven skreiv òg essay, utgitt i Essays (1997). Essayistikken spenner frå tekstar om andre forfattarar til biletkunst. Han var spesielt oppteken av eldre nature morte-målarar, men også av moderne biletkunstnarar, som den amerikanske målaren Edward Hopper. Essayistikken til Ulven eksperimenterer ikkje med form, men er likevel djupt original i vinklingane.

Tor Ulven gjendikta mellom anna Claude Simon, Samuel Beckett og René Char. Han er òg representert med gjendiktingar i antologiar.

Nationaltheatret sette i 2008 opp teaterstykket En vanlig dag i helvete, som er basert på Tor Ulven sin forfatterskap.

Utmerkingar

Tor Ulven fekk Gyldendals legat i 1987, Hartvig Kirans minnepris i 1990, Obstfelderprisen i 1993 og Doblougprisen i 1995.

Bibliografi

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Tor Ulven

Historisk befolkingsregister-ID

pc00000002717202

Kommentarar