autoantistoff – Store medisinske leksikon (original) (raw)
Autoantistoff er protein frå immunforsvaret som angrip eigen kropp. Autoantistoff vert laga når immunsystemet ved ein feil reagerer mot nokre av kroppen sine eigne bestanddelar. Årsakene til dette forstår ein ikkje fullt ut, men truleg skuldast det ein kombinasjon av arveleg disposisjon og miljøfaktorar. Prosessen er karakterisert som autoimmunitet.
Måling av autoantistoff kan vere nyttig for diagnostisering av fleire sjukdommar.
Danning
Antistoff er ein del av immunsystemet, kroppen sitt infeksjonsforsvar. Dei blir produserte av B-celler, som er ein type kvite blodceller. Hovudformålet er å forsvare oss mot infeksjonar som virus og bakteriar. Slike inntrengjarar blir då kalla antigen.
Immunsystemet skal skilje mellom inntrengjarar (mikrobar) og eige vev. Vanlegvis tolerer immunsystemet eigen kropp, og ein kallar det sjølvtoleranse. Autoantistoff oppstår når immunsystemet ved ein feil reagerer mot nokre av kroppen sine eigne bestanddelar (oppheva sjølvtoleranse). Dermed blir visse protein i kroppen oppfatta som antigen, og det oppstår ein skadeleg betennelse, utan at det finst ein infeksjon. Dei utløysande årsakene forstår ein ikkje heilt, men ein antek at ein kombinasjon av arveleg disposisjon og uheldige miljøfaktorar, til dømes infeksjonar, har betydning. Prosessen er karakterisert som autoimmunitetsreaksjon eller autoimmunitet.
Bruk i diagnostikk
Ikkje alle autoantistoff fører direkte til vevsskade og sjukdom. Likevel kan dei vere nyttige i diagnostisk samanheng. Autoantistoff er ofte retta mot heilt spesielle strukturar. Ved mange betennelsesaktige revmatiske sjukdommar finst det ulike autoantistoff som kan vere til hjelp i diagnostiseringa.
Autoantistoff som skader kroppen
Autoantistoff mot raude blodceller skader desse og fører til anemi, medan autoantistoff mot blodplater kan føre til trombocytopeni og fare for blødingar.
Visse sjukdommar i nyrene (glomerulonefritt), skjoldbruskkjertelen og gallegangar kjem også av autoantistoff som reagerer mot kroppen sitt eige vev.
Ved systemiske bindevevssjukdommar, typisk ved systemisk lupus erythematosus (SLE), blir det vanlegvis påvist antinukleære faktorar (ANA) i kombinasjon med undergrupper av ekstraherbare nukleære antistoff (ENA). Desse er i større grad typiske for den enkelte sjukdommen. Tilsvarande ser ein anti-CCP hos dei fleste med leddgikt og anti-PR3 eller anti-MPO ved blodårebetennelsane granulomatose med polyangiitt (GPA) og mikroskopisk polyangiitt (MPA).
Eit utval autoantistoff
Autoantistoff | Sjukdom |
---|---|
ANA | autoimmune sjukdommar som systemiske bindevevssjukdommar med fleire, men finst òg blant friske personar |
AMA | anti-mitokondrie-antistoff førekjem ved primær biliær cirrhose |
PR-3 ANCA (c-ANCA) | granulomatose med polyangiitt (GPA) |
MPO-ANCA (p-ANCA | mikroskopisk polyangiitt og eosinofil granulomatose med polyangiitt (EGPA) |
anti-CCP | leddgikt |
anti-dsDNA | systemisk lupus erythematosus (SLE) |
antifosfolipid-antistoff | antifosfolipidsyndrom |
anti-SSA | Sjøgrens syndrom |
anti-SSB | Sjøgrens syndrom |
anti-TPO | autoimmun skjoldbruskkjertelbetennelse |
anti-TG | autoimmun skjoldbruskkjertelbetennelse |
TRAS | autoimmun skjoldbruskkjertelbetennelse |
revmatoid faktor | leddgikt, men også ved andre tilstandar og blant friske personar |