regionalt helseforetak – Store medisinske leksikon (original) (raw)

Regionalt helseforetak, også kjent under forkortinga RHF, er eit statseigd helseføretak som omfattar alle offentlege verksemder innanfor spesialisthelsetenesta i eit geografisk definert område, ein region. Dei regionale helseføretaka har som oppgåve å leggja til rette for spesialisthelsetenester, forsking, undervisning og andre tenester som står i naturleg samanheng med dette.

Faktaboks

Også kjend som

RHF

Kvart av dei regionale helseføretaka består av fleire helseføretak, forkorta HF, som omfattar eitt eller fleire sjukehus. Kvart helseføretak er heileigd av eit av dei fire regionale helseføretaka. Nokre helseføretak med spesielle funksjonar er eigde av dei fire regionale helseføretaka i fellesskap. Dette gjeld til dømes Luftambulansetenesta HF.

Dei regionale helseføretaka er regulerte gjennom helseføretaklova (15. juni 2001) og er også forplikta av krav i anna helselovgiving, ikkje minst spesialisthelsetenestelova, helsepersonellova, pasient- og brukarrettslova og helseforskingslova.

Staten ved departementet eig dei regionale helseføretaka. Helse- og omsorgsdepartementet styrer dei regionale helseføretaka gjennom årlege oppdragsbrev, med tildeling av økonomiske rammer og krav til tenesteytinga. Gjennom å kalla inn til føretaksmøte (tilsvarande ei generalforsamling for aksjeselskap) i det regionale helseføretaket, og val av styremedlemmer, kan departementet gjennom statsråden utøva eigarmakta si. På same måte som departementet styrer dei regionale helseføretaka, har desse igjen styringsansvar overfor dei helseføretaka dei sjølve eig. Dette kjem også fram av dei årlege styringsdokumenta som dei regionale helseføretaka sender til dei underliggjande helseføretaka sine.

Historikk

I 2002, ved omorganiseringa av spesialisthelsetenesta, blei det etablert fem regionale helseføretak i Noreg. Fem år seinare, i 2007, blei Helse Sør RHF og Helse Aust RHF slått saman til Helse Sør-Aust RHF, og det er frå dette året fire regionale helseføretak:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar (3)