Øyposten – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
ØYPOSTEN AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Finnøy
Sigbjørn Høidalen
Reidar Hystad
Øyposten er ei norsk lokalavis som kjem ut på Finnøy ein gong i veka, både i papirformat og som e-avis. Avisa vart grunnlagt i 1970 og har frå 2023 Polaris Media som hovudeigar. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Øyposten dekkjer Ryfylkeøyane, i hovedsak øyane som høyrer til tidlegare Finnøy kommune. Øyposten vert redigert på nynorsk og er ei klassisk lokalavis utan riksnyheiter eller stoff frå nyhendebyrå.
Historie
Avisa vart grunnlagt som kommunalt informasjonsorgan seinhausten 1970, seinare omgjort til eit uavhengig aksjeselskap. Avisa Suldalsposten var største aksjonær, inntil den i 2009 selde seg ut. Stephan Foldøy Dickinson vart hovedaksjonær og dagleg leiar, til han selde aksjane til Schibsted i 2021. Schibsted selde 51 prosent av aksjane til Polaris Media i 2023.
Opplag
Opplagstal for Øyposten, 1994–2023
1994 | 840 |
---|---|
1995 | 925 |
1996 | 1014 |
1997 | 1050 |
1998 | 1025 |
1999 | 1180 |
2000 | 1250 |
2001 | 1253 |
2002 | 1374 |
2003 | 1291 |
2004 | 1157 |
2005 | 1157 |
2006 | 1191 |
2007 | 1254 |
2008 | 1312 |
2009 | 1390 |
2010 | 1458 |
2011 | 1430 |
2012 | 1462 |
2013 | 1429 |
2014 | 1391 |
2015 | 1381 |
2016 | 1340 |
2017 | 1318 |
2018 | 1299 |
2019 | 1316 |
2020 | 1635 |
2021 | 1740 |
2022 | 1383 |
2023 | 1325 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1995 | 925 |
2000 | 1250 |
2005 | 1157 |
2010 | 1458 |
2015 | 1381 |
2020 | 1635 |
2021 | 1740 |
2022 | 1383 |
2023 | 1325 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Første nummer (prøvenummer) november-desember 1970
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser