Øystese – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Øystese

Etymologi

Namnet kjem av norrønt Eystusyn som har uviss tolking. Førsteleddet tyder sannsynlegvis ‘heilag stad for gudsdyrking’, sisteleddet er vin, ‘naturleg eng’.

Innbyggjartal

Rundt 2100 (2024)

Øystese er ei tettgrend i Kvam kommune i Hardanger i Vestland fylke, der Øysteseelva munnar ut i Hardangerfjorden. Tettgrenda i Øystese var ein tettstad i samsvar med dagens tettstadsdefinisjon ved folketeljinga i 1946. Sidan har grenda vakse saman med Norheimsund, og frå og med 2019 er dette klassifisert som éin tettstad med namnet Norheimsund.

Fylkesveg 79 (GranvinNorheimsund) går langs fjorden gjennom tettgrenda i den tidlegare tettstaden. I kommunesenteret Norheimsund, ved munningen av Steindalselva, møtest fylkesvegane 79 og 49 (OddaJondalNorheimsundTysseTrengereid).

Øystese har variert småindustri, særleg trevare- og møbelindustri, og staden har stor turisttrafikk og fleire hotell og overnattingsstader. Her ligg Kvam vidaregåande skule avdeling Øystese, Kvam bygdemuseum og Ingebrigt Vik museum, eit skulpturmuseum basert på arbeida til bilethoggaren Ingebrigt Vik, som var frå Øystese.

Øystese kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1868.