Askatin – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Askatin
Fødd
Eit islandsk biskupatal opplyser at han var engelsk (anglus) av fødsel, noko òg namnet tyder på
Død
1277, Bergen
Verke
Hirdgeistleg, diplomat, kanslar og biskop
Askatin var biskop i Bergen frå 1270 til 1277. Han var hirdprest hos Håkon Håkonsson, og var den første som hadde kanslartittel i Noreg. Han blei mykje brukt som sendemann, mellom anna til Danmark ved kong Magnus Lagabøtes frieri til prinsesse Ingeborg Eriksdatter i 1261.
Sendeferder
Første gong vi møter Askatin i kjeldematerialet er på ei kongeleg sendeferd til den tysk-romerske keisaren Fredrik II i Italia hausten 1250. Fordi det var høgt prioriterte utanrikssaker som her skulle drøftast, og keisaren døydde før sendelaget nådde fram, kan vi nokså sikkert gå ut frå at han hadde ei sterk stilling i den faste kjernen av kongens nære rådgivarar. Denne posisjonen heldt han sidan, også etter at han gjekk ut av kongens teneste.
I åra fram til 1276 gjorde Askatin i alt seks sendeferder til utlandet for kongane Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte. Som ein av kongens klerkar deltok han i leidangstoget til Skottland sumaren og hausten 1263.
Forhandlingar
Hans viktigaste diplomatiske oppdrag galdt forhandlingar som følgde av denne konflikten, frå våren 1264 til den endelege fredstraktaten mellom Noreg og Skottland vart inngått i Perth 2. juli 1266. Forhandlingane som førte fram til Perth-avtalen er godt dekka i kjeldematerialet, og det er ingen tvil om at Askatin spela ei nøkkelrolle i utforminga av norske strategiar og posisjonar.
Perth-traktaten opna også for tingingar med England om ein norsk-engelsk freds- og handelsavtale, og igjen var Askatin hovudforhandlar. Denne avtalen, inngått i august 1269, var viktig fordi den normaliserte Noregs forhold til England, og sikra gjensidig fri handel over Nordsjøen. Sendeferdene til Dei britiske øyane utgjer hovudinnsatsen i Askatins diplomatiske karriere.
I forhandlingsoppdraga i Skottland og England blir Askatin konsekvent titulert som kanslar, og han var den første vi sikkert veit som bar denne tittelen i Noreg. Noko fast organisert kanselli har det neppe vore tale om i Askatins tid. Truleg var dette heller som «et slags ambulerende regjeringskontor» (Bagge), bemanna med hirdgeistlege i kongens teneste. Desse fungerte etter behov som skrivarar, rådgivarar, sendemenn og sjelesørgjarar.
Askatins nære tilknyting til kongedømmet, særleg under Magnus Lagabøte, blir elles understreka gjennom ei rad ulike oppdrag: I 1261 forhandla han i Danmark om dronningemne for kong Magnus, og i sentralregjeringas diskusjonar om norske strategiar i skottlandskonflikten i 1264–1266 har han visseleg vore ei sterk og aktiv støtte for Magnus Lagabøtes modererande forhandlingslinje.
Kongens omfattande lovrevisjonsarbeid i 1270-åra hadde sitt sentrum i Bergen, og Askatin var blant dei fremste rådgivarane. Han gav kong Magnus den siste oljen under kongens sjukdom i 1272, medan han i 1276 deltok saman med kongen i det nordiske kongemøtet ved Göta älv. Her var han også medlem av valdgiftsdomstolen som mekla i den svenske regentkonflikten.
Som sentral aktør i norsk utanriksteneste markerer Askatin ein interessant spesialiseringsfunksjon i det diplomatiske arbeidet: Personar med utanlandsk bakgrunn vart heretter stadig viktigare som sendemenn til framande makter. Dei forvalta sakkunnskap om tenkjemåte og reaksjonsmåtar hos «den andre sida» i utanrikspolitikken. Slik sett var det ikkje tilfeldig at Skottland og England vart spesialområde for engelskmannen Askatin.
Biskop
Det svært nære og personlege forholdet til kongen og kongedømmet verka nok inn då han i 1270 vart vald til biskop i Bergen, som første universitetsutdanna magister på denne bispestolen. Som biskop samarbeidde han med kong Magnus om utbygginga av ein kongeleg kapellgeistlegheit. I 1271 skipa såleis kongen eit kannikkollegium ved Apostelkyrkja «med biskop Askatins råd». I 1276 var Askatin medutferdar av kongens fundasjonsbrev for Allehelgenkyrkjas og Katarinakyrkjas hospital i Bergen. Begge desse kyrkjene høyrde til dei kongelege kapella.
Forholdet mellom biskop og domkapittel ser ut til å ha fungert godt, og Askatin var aktiv i arbeidet med å auke domkapitlets inntektsgrunnlag. I 1274 deltok han på det viktige kyrkjemøtet i Lyon. I februar 1277 vart Askatin som biskop i Bergen oppnemnt til ein av Magnus Lagabøtes testamenteksekutorar.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
- L. Daae: «Om Bergens Bispedømme i Middelalderen», i Historisk Tidsskrift , rk. 4, bd. 1, 1901
- E. Bull: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 1, 1923
- C. Joys: Biskop og konge, 1948
- N. Bjørgo: «Om skriftlege kjelder for Hákonar saga», i Historisk Tidsskrift, bd. 46, 1967
- K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
- S. Bagge: Den kongelige kapellgeistlighet 1150–1319, 1976
- K. Helle: Kongssete og kjøpstad. Fra opphavet til 1536, bd. 1 i Bergen bys historie, 1982