Bygdanytt – avis – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
BYGDANYTT AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Indre arna
Stifta
1951
Anita Sandal
Marit Kalgraf
Bygdanytt er ei norsk lokalavis for Arna i Bergen og for Osterøy. Avisa vart grunnlagd i 1951 og har kontor i Arna. Ho kjem ut på papir to dagar i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa har frå 2023 Polaris Media som hovudeigar. Redaktøren i Bygdanytt er frå 2018 òg redaktør i bladet Strilen.
Digitalt
Bygdanytt publiserer både på papir og nett. Nettadressa vart registrert i 1999, men det gjekk fleire år før redaksjonelt stoff vart lagt ut på nettet. Betalingsmur for ikkje-abonnentar vart for noko av stoffet sett i verk i 2016. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett var 8283 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Då redaktør Sigurd Mjeldheim døydde i 1967, stod avisa i fare for å bli lagd ned. Eigaren av Foto sentrum, fotograf Per Presthus, hadde i fleire år vore tilknytt Bygdanytt. Presthus spurde svogeren sin, Ragnvald Røiseth (biletet), om han kunne ta på seg redaktørjobben. Røiseth sa ja til det, og var redaktør til 1979. Presthus kjøpte Bygdanytt for 5000 kroner, og i 1969 overtok han også trykkinga av avisa.
Bygdanytt kom ut med det første nummeret 20. april 1951 og er den eldste lokalavisa i tidlegare Hordaland. Avisa var opphavleg lokalblad for den tidlegare kommunen Haus, som er slått saman med Bergen og med Osterøy.
Bygdanytt var likevel ikkje første forsøket på å skape lokalavis for dette området. Johannes Revheim og Sigurd Mjeldheim hadde tidlegare skipa Haus Bygdeblad, men på grunn av usemje gjekk Mjeldheim ut og skipa sitt eige blad, Bygdabladet. Mjeldheim heldt på undertittelen «Upolitisk bygdeblad for Haus og næraste kommunar» også i denne avisa, og seinare same året skifta avisa namn til Bygdanytt.
Etterfølgjaren etter Haus Bygdeblad, Sambygdingen, skulle vere lokalblad for Haus og Åsane, men måtte gi seg allereie året etter. I 1996 fekk Bygdanytt ein ny konkurrent på Osterøy, Ostringen, men denne avisa måtte gi seg i 2007. Med unnatak av eit opphald i åra 1956 til 1959 har Bygdanytt kome ut heile tida sidan starten i 1951.
Bygdanytt døydde heller ikkje etter sterk urbanisering i området på 1960- og 1970-talet. Tvert om var det avisa som berga bygdeidentiteten, og avisa greidde også å halde oppe sambandet mellom Arna og dei delane av Osterøy som naturleg sokna mot Arna. Med den nye Osterøybrua i 1997 blei sambandet mellom fastland og øy knytt på nytt.
Avisa hadde frå starten av lokale eigarar. I 2005 vart ho kjøpt opp av Bergens Tidende, og vart seinare ein del av Schibsted-konsernet. Hausten 2023 overtok Polaris Media 51 prosent av aksjane. Avisa har både bokmål og nynorsk som redaksjonelt språk. Bygdanytt vart kåra til den beste lokalavisa i Europa i 2012. Bygdanytt har ei moderne nettavis, som prioriterer nyhende.
Opplag
Opplagstal for Bygdanytt, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 3556 |
1988 | 3810 |
1990 | 3808 |
1991 | 4126 |
1992 | 3813 |
1993 | 3941 |
1994 | 3791 |
1995 | 3942 |
1996 | 4019 |
1997 | 4037 |
1998 | 4124 |
1999 | 3948 |
2000 | 3922 |
2001 | 3894 |
2002 | 3906 |
2003 | 4008 |
2004 | 4088 |
2005 | 4152 |
2006 | 4295 |
2007 | 4536 |
2008 | 4587 |
2009 | 4625 |
2010 | 4585 |
2011 | 4647 |
2012 | 4595 |
2013 | 4710 |
2014 | 4562 |
2015 | 4213 |
2016 | 4020 |
2017 | 4359 |
2018 | 5030 |
2019 | 5164 |
2020 | 5066 |
2021 | 5042 |
2022 | 4953 |
2023 | 4718 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1970 | 1905 |
1991 | 4126 |
2008 | 4587 |
2015 | 4213 |
2017 | 4359 |
2020 | 5066 |
2021 | 5043 |
2022 | 4953 |
2023 | 4718 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nummer av Bygdanytt 20. april 1951
- Eigar frå 2012 til 2023 var Schibsted. Polaris Media er frå 2023 majoritetseigar.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Kjartan Rødland: «Bygdanytt», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
- Tom Arbo Høeg: Norske Aviser 1763–1969. Oslo 1973
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter