Bergens Tidende – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
BERGENS TIDENDE AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Bergen
Trond Olav Skrunes
Øyulf Hjertenes
I september 2017 flytta BT til Media City Bergen, saman med mellom anna TV2 og NRK Vestland.
Bergens Tidende er ei norsk dagsavis i Bergen, grunnlagd i 1868, som kjem ut måndag til laurdag i papirformat og som e-avis på søndagar. Både redaksjonelt og økonomisk er Bergens Tidende det leiande norske mediehuset utanfor Oslo og den dominerande medieaktøren på Vestlandet.
Avisa er ein del av Schibsted-konsernet (Schibsted Media). Sjefredaktør frå 2024 er Trond Olav Skrunes.
Digitalt
Bergens Tidende publiserer på fleire digitale flater. Etter tusenårsskiftet har lesarane fått fleire alternative val når dei vil lesa BT: tradisjonelt abonnement på papirutgåva som òg gir full tilgang til alt digitalt stoff, eller berre abonnement på nettutgåva (e-avisa). Gjennom døgeret oppdaterer redaksjonen nyheitsbiletet frå time til time på internett, men berre abonnentar har tilgang til alt stoffet som blir publisert på nettet. BT har stundom også radio-, tv- og videosendingar. Dei har òg fleire podkastar, til dømes Nokon må gå, der kommentatorar diskuterer aktuelle saker.
BT hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt totalt 226 700 daglege lesarar på papir og nett, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
I siste halvdel av 1800-talet var det fleire tusen unge som flytta til Bergen frå nabofylket i nord. Blant desse var Johan Wilhelm Eide (1832–1896) frå Stryn i Nordfjord. Som grunnleggjar av Bergens Tidende var J.W. Eide (biletet) den som sette sitt merke på avisa i starten. Politifullmektig Johan Hekleberg var den første tilsette redaktøren, men det var Eide som prega avisa, saman med agent John Lund. I 1869 vart David Christye Habel redaktør, men heller ikkje han prega avisa. Meir markant var Olav Loft hus, i redaktørstilling frå 1872, saman med Lars Holst, som seinare vart Dagblad-redaktør. Finn Bøgh Henrikssen inntok redaktørkrakken frå 1894, og han sat på sin post heilt til 1938 (med eit avbrot i 1902/03). I 1929 talte redaksjonen tolv medarbeidarar. Året før vart Esther Johannessen avisens første kvinnelege journalist.
Bergens Tidende var ved etableringa eit radikalt Venstre-blad som etter kvart blei storavisa på Vestlandet.
Boktrykkjar Johan Wilhelm Eide gav ut det første ordinære nummeret av Bergens Tidende i Bergen 2. januar 1868, etter at annonseprivilegiet til Bergens Adressecontoirs Efterretninger var oppheva. Bergens Tidende skreiv seg inn i ein liberal avistradisjon, med ambisjonar om å bidra til ein opplyst samfunnsdebatt. I eit prøvenummer presenterte boktrykkjaren også ein litterær føljetong for å «især paaregne Damernes Yndest og Bevaagenhed».
Venstre-blad
Bergens Tidende markerte seg tidleg som ei politisk avis, og som meir radikal enn den viktigaste konkurrenten, Bergensposten. Bergens Tidende ville vera «et rent Venstre-blad», slik Eide formulerte det, medan han også understreka at avisa skulle stå for eit «uafhengig og frisindet Standpunkt». BT vart etter kvart partiet Venstre sitt hovudorgan på Vestlandet, og etter Venstre sin valsiger i 1894 fekk avisa eit stort oppsving. I 1894 kunne BT overta Bergensposten, og fire år seinare kunne den framgangsrike avisa ta i bruk den første rotasjonspressa i Bergen.
I 1973, etter EF-striden og splittinga av Venstre året før, gjekk avisa over frå å vere Venstre-organ til å vere partipolitisk uavhengig.
Fyrste og andre verdskrigen
Bergens Tidende sin profil endra seg frå 1913, då det var slutt på den einerådande dominansen som annonsane hadde på førstesida. Eit meir moderne formspråk, med titlar over fleire spalter og med bilete, samt bruk av intervju, slo igjennom i mellomkrigstida i Bergens Tidende, slik som i mange andre aviser.
Bergensbrannen i 1916 la både utstyret og lokala til BT i oske, men avisa reiste seg igjen etter brannen. Bergens Tidende blei snart storavisa på Vestlandet. Frå rundt første verdskrig var avisa den største i Bergen. Opplaget nådde 18 000 midt i 1920-åra og var oppe i det doble i 1938.
Bergens Tidende kom ut under heile andre verdskrigen, frå 1942 med redaktør innsett av okkupasjonsmakta. I 1940 hadde avisa eit opplag på 35 220. I 1943 blei opplaget stipulert til cirka 43 000, og i 1949 var BT oppe i eit opplag på 47 522.
Moderne mediehus
I 1987 og 1988 sette BT opplagsrekord, med så vidt over 100 000. Men ved 140-årsjubileet i 2008 var avisa nede i eit opplag på 86 000, og tilbakegangen for papiravisa har halde fram, på linje med utviklinga for andre riks- og regionaviser.
BT vart morgonavis frå 1993, sundagsavis og nettutgåve blei etablert i 1996. Frå mars 2016 kom ikkje lenger søndagsavisa ut på papir, men abonnentar kan lesa ho som e-avis.
BT var ein pådrivar for etableringa av selskapet Media Norge, saman med Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen. I 2012 vart dette selskapet ein del av Schibsted-konsernet.
Opplag
Opplagstal for Bergens Tidende, 1986-2023
1986 | 98557 |
---|---|
1988 | 100164 |
1990 | 98033 |
1991 | 98175 |
1992 | 95708 |
1993 | 95455 |
1994 | 95415 |
1995 | 95378 |
1996 | 95400 |
1997 | 94051 |
1998 | 94450 |
1999 | 94562 |
2000 | 91956 |
2001 | 92073 |
2002 | 91099 |
2003 | 90087 |
2004 | 88867 |
2005 | 88054 |
2006 | 87076 |
2007 | 87668 |
2008 | 85825 |
2009 | 83086 |
2010 | 82432 |
2011 | 79467 |
2012 | 76817 |
2013 | 73470 |
2014 | 73640 |
2015 | 70220 |
2016 | 69067 |
2017 | 71949 |
2018 | 83352 |
2019 | 83217 |
2020 | 84102 |
2021 | 89053 |
2022 | 89533 |
2023 | 89158 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1932 | 30 000 |
1950 | 48 745 |
1962 | 70 005 |
1979 | 87 629 |
1987 | 100 608 |
2008 | 85 825 |
2015 | 70 220 |
2020 | 84 102 |
2021 | 89 053 |
2022 | 89 533 |
2023 | 89 158 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Første nummer 2. januar 1868
- I åra 1919–1921 vart avisa grunna arbeidskonfliktar i kortare periodar gjeven ut saman med ei rad andre Bergens-aviser under tittelen Bergenske Blade
Redaktørar
Årstal | Redaktør |
---|---|
1868–1869 | Johan Hekleberg |
1869–1871 | David Chr. Habel |
1872–1894 | Olaf Lofthus |
1874–1883 | Lars Holst |
1894–1939 | Finn Bøgh Henriksen |
1939–1942 | Haakon Torsvik |
1942–1945 | Vidkunn Nitter Schreiner |
1945–1956 | Haakon Torsvik |
1956–1977 | Ingemund Fænn |
1977–1986 | Kjartan Rødland |
1986–1991 | Einar Eriksen |
1991–1994 | Magne Gaasemyr |
1994–1997 | Hans Erik Matre |
1997–2008 | Einar Hålien |
2008–2012 | Trine Eilertsen |
2012–2015 | Gard Steiro |
2015–2019 | Øyulf Hjertenes. |
2019–2023 | Frøy Gudbrandsen |
2024– | Trond Olav Skrunes |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
Eriksen, Einar m.fl.: År i forandring, 1992
Fasting, Kåre: Hundre års kavalkade: Bergens tidende: 1868–1968, 1967
Skjeldal, Gudmund: Vestover. Bergens Tidende i 150 år, 2017
Bergens Tidendes avishus i Krinkelkroken stod ferdig i 2000 og var i bruk fram til 2017. Det er teikna av Bjerk og Bjørge Arkitekter. I september 2017 flytta BT til Media City Bergen.
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser