femfaktormodellen – Store norske leksikon (original) (raw)
Femfaktormodellen er ein av fleire trekkpsykologiske tilnærmingar innan personlegdomspsykologien. Femfaktormodellen er den leiande moderne vitskaplege tilnærminga, då han empirisk skildrar fem store personlegdomstrekk som skildrar variasjonen i personlegdomen til eit menneske.
Faktaboks
engelsk ‘dei fem store’
Også kjend som
Big Five, OCEAN
Dei fem faktorane eller store personlegdomstrekka er:
Kvart av desse fem trekka består så av seks underordna, delvis samvarierande og delvis uavhengige fasettar.
Femfaktorteori er teorigrunnlaget som er utvikla rundt den meir empirisk belagde femfaktormodellen.
Den fremste vitskaplege personlegdomstesten for å måle fem personlegdomstrekk er NEO-PI-R.
Dei fem faktorane
Openheit
Openheit dekkjer grad av intellekt, openheit for idear og erfaringar og dessutan evne til estetisk nyting. Vidare måler det grad av kreativitet og utradisjonelle verdiar. Openheit er som personlegdomstrekk assosiert med intelligens som evne, men intellektuelle personlegdomstrekk og intellektuelle evner er ikkje det same.
Planmessigheit
Grad av planmessigheit måler om individ er meir eller mindre ryddige, ordentlege, organiserte, til å stole på og med høge aspirasjonar. Spesielt innan utveljing av personale (personalseleksjon) og anvend personlegdomspsykologi er dette trekket av interesse, då dei eigenskapane som planmessigheit måler, kan føreseia yrkesprestasjonar på tvers av mange område.
Ekstroversjon
Dette trekket skildrar grad av sosiabilitet eller sosial orientering, altså i kva grad ein trivst i og gjerne oppsøkjer sosiale samanhengar, er pratsam og hevdar seg sosialt. Dette trekket måler grad av positive kjensler og interesse for samvær med andre, samstundes som sosial dominans også er ein del av trekket.
Det er viktig å skilje grad av personlegdomstrekket ekstroversjon frå personlegdomstypane ekstrovert og introvert. Trekk måler grad av eigenskapar, medan typar er anten-eller-skildringar. Dei fleste er verken introverte eller ekstroverte typar, men har meir eller mindre av trekket ekstroversjon.
Omgjengelegheit
Dette trekket, som også har vorte kalla medmenneskelegdom på norsk, omfattar grad av sjenerøsitet, tillit, empati, varme og kor imøtekomande ein er, men også fråvær av sosial konkurranse. I den låge enden av skalaen finn ein derfor større grad av fiendtlegheit og sosial konflikt. Internasjonalt er dette eit av dei trekka folk ser på hos partnarar i langtidsforhold.
Nevrotisisme
Dette trekket måler grad av psykisk ubehag, psykisk reaktivitet og vedvarande negative emosjonar, inkludert depressive og engstelege kjensler. Dei som skårar lågt er meir rolege, avslappa og har eit meir stabilt kjensleliv. Dette trekket predikerer i stor grad sårbarheit for psykiske lidingar.
OCEAN
På engelsk er omgrepa Openness, Conscientiousness, Extraversion, Agreeableness og Neuroticism. I denne rekkjefølgja kan ein bruke forbokstavane OCEAN for å hugse omgrepa.