Fosna-Folket – avis – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
FOSNA-FOLKET AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Brekstad
Odd Arild Sandnes
Henning Johansen
Dei fyrste åra føregjekk mykje av avisproduksjonen i heimen, men bedrifta vaks snøgt. På biletet frå 1978 er alle dei fire tilsette samla, frå venstre grunnleggar og redaktør Ada Schwabe Einarsen, disponent Jan Einarsen, og journalistene Ivar Eide og Terje Andersen. Både Ada Schwabe Einarsen og mange andre i Bjugn blei forbitra då Adresseavisen flytta redaksjonen til Ørlandet i 1989. Schwabe Einarsen starta opp nær radio for Ørland og Bjugn i 1987 og var redaktør for Radio Fosen, som starta i 1989. Ein periode på 1980-talet representerte Schwabe Einarsen Venstre i kommunestyret.
Fosna-Folket er ei norsk lokalavis som kjem ut på Brekstad, to gonger i veka i papirformat og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1964 av Ada Schwabe Einarsen og Jan Einarsen, og er frå 1989 eigd av Polaris Media ASA.
Fosna-Folket dekkjer dei fire kommunane Ørland, Indre Fosen, Åfjord og Osen på Fosenhalvøya i Trøndelag.
Digitalt
Fosna-Folket starta i 2020 med podkastar, og hadde mellom anna stor suksess med serien «Leirbålet». Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforbund var det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på papir og nett 15 593 i fjerde kvartal 2023.
Historie
Fosna-Folket var eit familieføretak, skapt av ei kvinne som hadde flytta frå hovudstaden til Ørlandet. Seinare fekk storebror Adresseavisen i Trondheim kontroll over den vellukka lokalavisa.
I 1963 flytta Ada Schwabe Einarsen ut av trengselen i Oslo til Ørlandet. Ho hadde fått arbeid i framhaldsskulen, medan mannen, Jan Einarsen, hadde fått arbeid ved Ørland hovudflystasjon. Ada hadde lærar- og journalistutdanning og tilbaud å skaffe Adresseavisen stoff frå Fosen, ettersom dette syntest å vere mangelvare. Avisa inne i byen var ikkje interessert, og avslaget provoserte Schwabe Einarsen til å etablere avisa Fosna-Folket. Tida inspirerte også til lokal avissatsing, for Fosen var i sterk utvikling.
Ada Schwabe Einarsen var redaktør for eit familieprodukt som den første tida blei til i bustaden på Brekstad. Trykkinga skjedde først i Stjørdalens Blad. Jan Einarsen skaffa militær flytransport for manus, bilete og annonsar dit og fekk ferdige aviser tilbake.
I 1965 fekk avisa eige trykkjeri, i første omgang med ein brukt kontoroffsetmaskin som trykte i A4-format. Fosna-Folket var truleg den første avisa i Trøndelag som blei trykt i offset. Frå 1971 blei formatet tabloid. Avisa dekte kommunane Ørland og Bjugn.
I 1967 flytta familien Einarsen frå Ørlandet til Botngården i Bjugn, og avisa blei med. Både økonomien, utstyret og bemanninga betra seg etter kvart. I 1968 gjekk ein over frå eitt til to nummer i veka. Opplaget låg då på vel 2000. Avisdrifta kravde meir tid, og i 1977 gjekk Jan Einarsen inn som disponent i heil stilling. Då var opplaget passert 3000. I 1978 gjekk avisa over til tre utgåver i veka, og i 1982 passerte opplaget 5000.
I 1985/86 trappa ekteparet Einarsen ned og trekte seg ut av det daglege arbeidet. Adresseavisen var på oppkjøpsrunde av lokalaviser, og det blei til at ekteparet selde til dei i 1989, men heldt att 34 prosent. Likevel greidde dei ikkje å hindre at redaksjonen blei flytta til Brekstad, sjølv om dei førte saka heilt til Høgsterett.
Dei nye eigarane gjorde òg andre grep. Trykkjeriet blei lagt ned og trykkinga overført til ST-Trykk på Orkanger. Det blei kjøpt inn utstyr for produksjon av sidene på dataskjerm, og dei ferdige sidene blei no sende til trykkjeriet over telenettet. Dekningsområdet blei etter kvart utvida til heile Fosen-halvøya, Leksvik medrekna. Fosna-Folket er blitt ei solid lokalavis, som gjennom Adresseavisen er blitt ein del av konsernet Polaris Media.
Opplag
Opplagstall for Fosna-Folket, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 5889 |
1988 | 5995 |
1990 | 6828 |
1991 | 7278 |
1992 | 7212 |
1993 | 7388 |
1994 | 7521 |
1995 | 7660 |
1996 | 7814 |
1997 | 7913 |
1998 | 7905 |
1999 | 7665 |
2000 | 7824 |
2001 | 7862 |
2002 | 7815 |
2003 | 7747 |
2004 | 7662 |
2005 | 7700 |
2006 | 7706 |
2007 | 7730 |
2008 | 7570 |
2009 | 7314 |
2010 | 7126 |
2011 | 6926 |
2012 | 6794 |
2013 | 6595 |
2014 | 6358 |
2015 | 5942 |
2016 | 5585 |
2017 | 5480 |
2018 | 6158 |
2019 | 6859 |
2020 | 7209 |
2021 | 7843 |
2022 | 7829 |
2023 | 8220 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1969 | 1937 |
1989 | 6258 |
2008 | 7570 |
2015 | 5716 |
2020 | 7209 |
2021 | 7843 |
2022 | 7829 |
2023 | 8220 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Fyrste nr. 24.9.1964.
- Polaris Media hovudaksjonær i 1989.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser