Gjende – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Gjende

Etymologi

samanheng med norrønt gandr, ‘stav, kjepp’ på grunn av den smale, rette forma på sjøen

Region

Innlandet

Kommune

Vågå

Vassdrag

Glommavassdraget

Viktigaste tilløp

Muru, Storåe, Leirungsåe

Viktigaste utløp

Sjoa

Areal

15,6 km2

Høgd over havet

985

Djupn

149

Volum

1030 mill. m3 (1 km3)

Gjende

Utsyn vestover Gjende frå Besseggen, med Bessvatnet og Besshø på nordsida, Knutsholstindane på sørsida.

Gjende er ein brepåverka innsjø i Jotunheimen, i Vågå kommune. Sjøen har ei lang og smal bassengform og ein karakteristisk blågrøn farge på grunn av breslammet.

Gjende har aure som einaste fiskeart, og er elles naturleg artsfattig, noko som er typisk for slike fjellsjøar. Lengda frå aust til vest er 18 kilometer. Grensa til Lom følger nordbreidda mellom Gjendebu og Memurubu. Gjende har avløp i austenden til Sjoa. Tilløpselver er frå nord er Muru, frå vest Storåe og frå sør Leirungsåe. Gjende ligg, med unntak av Gjendeosen, i Jotunheimen nasjonalpark. Gjende og Sjoavassdraget vart varig verna mot kraftutbygging i 1973.

Omgjevnader

På begge sider er det bratte, høge fjell, med Store Knutsholstinden (2341 meter over havet) på sørsida som det høgaste. På nordsida går den skarpe Besseggen mellom Gjende og Bessvatnet. Ved vestenden ligg turisthytta Gjendebu, og ved austenden Gjendesheim, begge er eigde av Den Norske Turistforening. På nordsida, ved midten av sjøen, ligg turisthytta Memurubu. Desse hyttene har om sommaren anløp av båtane «Gjendine», oppkalla etter Gjendine Slålien, og «Kåre Johan», oppkalla etter skipper Kåre Johan Øvstedal (1944–2016). På andre sida av osen ved Gjendesheim står bua til Jo Gjende.

Kart

Gjende

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar