Gudbrandsdølen Dagningen – avis – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
GUDBRANDSDØLEN DAGNINGEN AS
Også kjend som
GD
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Lillehammer
Tom Martin Hartviksen
Aslak Runde
Opplagstal for Gudbrandsdølen Dagningen, 1997-2023
1997 | 30018 |
---|---|
1998 | 29391 |
1999 | 28990 |
2000 | 28848 |
2001 | 28381 |
2002 | 28222 |
2003 | 28003 |
2004 | 27563 |
2005 | 27526 |
2006 | 27272 |
2007 | 26723 |
2008 | 26458 |
2009 | 25681 |
2010 | 24842 |
2011 | 24577 |
2012 | 24011 |
2013 | 23077 |
2014 | 22443 |
2015 | 21438 |
2016 | 20612 |
2017 | 19879 |
2018 | 21978 |
2019 | 22454 |
2020 | 22648 |
2021 | 22568 |
2022 | 22685 |
2023 | 22437 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
Gudbrandsdølen Dagningen er ei norsk regionavis som kjem ut på Lillehammer, i papirformat tre dagar i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Gudbrandsdølen Dagningen (GD) blei grunnlagd i 1997, og hovudeigarane er Gudbrandsdølen AS, A/S Østlendingen og Amedia.
Grunnlaget for det som skulle bli Gudbrandsdølen Dagningen vart allereie lagt på 1800-talet med etableringa av avisene Lillehammer Tilskuer og Dagningen.
I 1997 fusjonerte Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer med Dagningen og tok namnet Gudbrandsdølen Dagningen.
Avisa er den største avisa i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Gudbrandsdølen Dagningen dekkjer Lillehammer, Gudbrandsdalen og Ringsaker.
Digitalt
Etter å ha vore ei tradisjonell seksdagarsavis like frå starten, vedtok avisstyret i 2023 å redusere papirutgåva til tre dagar i veka, med meir publisering på digitale flater. Videoinnslag og produksjon av podkastar vart og nye satsingsområde, med mellom anna sportspodkasten «_Ett spark_» som den sentrale. Gudbrandsdølen Dagningen byrja med nettavis i 2001. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening var det gjennomsnittlege daglege lesartalet på nett og papir 50 983 i fjerde kvartal 2023.
Historie
Avishistoria på Lillehammer etter andre verdskrig handlar om tre aviser – Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer og Dagningen. Gudbrandsdølen Dagningen står etter samanslåinga av desse tre i dag åleine att i byen.
Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer
Lillehammer Tilskuer, grunnlagd i 1837, og Gudbrandsdølen, grunnlagd i 1894, la grunnlaget for det som i maidagane 1945 blei samarbeidsprosjektet om avisene Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Restane av ei tredje avis, den nazifiserte Laagen, som var blitt stoppa for godt, overlét Heimefronten til Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer.
Den sentrale aktøren i samarbeidet etter krigen var redaktør og aviseigar Hans P. Lødrup, som vart profesjonell avismann tidleg på 1900-talet. Han hadde ingen redaksjonell funksjon i den nye avisa, men han eller sonen sat i styret i familieselskapet AS Lillehammer Tilskuer og i det felles bladstyret. Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer fekk redaksjon, administrasjon og trykkjeri i lokala som fram til krigen var slutt var brukte av Laagen og eigde av utgivarselskapet AS Bøndernes Blad.
Avisene voks raskt etter andre verdskrigen, med Sigurd Skogheim som redaktør i Gudbrandsdølen og Haakon Rud i Lillehammer Tilskuer. Det gjekk 113 år frå Lillehammer Tilskuer blei skipa i 1837, til det kom ein kvinneleg redaksjonell medarbeidar i avishuset Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Det skjedde først i 1950, då Marit Kalstad blei tilsett som sommarvikar. Den første fast tilsette kvinnelege journalisten kom i 1966. Den andre fast tilsette kvinnelege medarbeidaren i redaksjonen til Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer kom ikkje før i 1974.
Politisk forankring
Knut Ramberg (1919–2008), tidlegare redaktør og disponent i UPI og utanriksredaktør i NTB, vart i 1954 tilsett som sjefredaktør og leia Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer i tre framgangsrike tiår til han gjekk av i 1984. Det vart bygt nytt avishus på den gamle tomta i Lillehammer sentrum. Opplaget vart dobla, og ny presse vart kjøpt tre gonger i løpet av Rambergs redaktørtid.
Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer var såkalla «politisk uavhengig», men Gudbrandsdølen var nært knytt til Bondepartiet, og Lillehammer Tilskuer var knytt til Høgre. Samtidig som Lødrup var arkitekten bak samarbeidet mellom avisene i 1945, leigde han ut det privateigde trykkjeriet sitt til Arbeidarparti-avisa Dagningen, som var den einaste konkurrenten til Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Dermed var høgremannen Lødrup engasjert både i si eiga avis, Høgre-avisa Lillehammer Tilskuer, i Bondeparti-avisa Gudbrandsdølen og i Arbeidarparti-avisa Dagningen. Slik kontroll hos éin person er temmeleg eineståande i norsk pressehistorie.
Avisene hadde kvar sin politiske redaktør, medan ein sjefredaktør var leiar av fellesredaksjonen. Nyhendestoffet var likt i dei to utgåvene, og berre leiarspalta og tittelhovuda på førstesidene blei bytte ut. Dei store problema oppstod ikkje, men samarbeidet blei noko spesielt då EF/EU-saka kom på dagsorden, særleg under dei harde debattane i samband med folkerøystinga i 1972.
Samanslåing til Gudbrandsdølen Dagningen
I 1990 blei tvillingavisene slått saman, og i 1997 fusjonerte Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer med konkurrenten Dagningen, som hadde sokna til Arbeidarpartiet. Lillehammer stod dermed att med éi avis, under namnet Gudbrandsdølen Dagningen (GD).
I 2005 starta Gudbrandsdølen Dagningen lokalavisa Norddalen på Otta.
Fakta
- Lillehammer Tilskuer: første nr. 2.1.1841. Avisa blei grunnlagd under namnet Oplands-Tidende 25.7.1837.
- Gudbrandsdølen: første nr. 1. januar 1894.
- Dagningen: første nr. 28.3.1924.
- Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer: grunnlagt 1945.
- Dagningen og Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer blei slått saman og endra namn til Gudbrandsdølen Dagningen (GD) 15.8.1997.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1997 | 29 391 |
2000 | 28 848 |
2010 | 24 842 |
2015 | 21 434 |
2020 | 22 648 |
2021 | 22 568 |
2022 | 22 685 |
2023 | 22 437 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser