Hans Erik Matre – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Hans Erik Matre

Fødd

14. mai 1955, Ski, Akershus

Hans Erik Matre

Hans Erik Matre med et eksemplar av Aftenposten i nytt tabloidformat, 2005.

Hans Erik Matre er ein norsk avisredaktør. Han har vore redaktør i Vårt Land, Bergens Tidende og Aftenposten og direktør i Schibsted Norge.

Bakgrunn

Hans Erik Matre er fødd i Ski i Akershus. Han gjekk vidaregåande skule i 1971–1974. Deretter tok han grunnfag i statsvitskap og mellomfag i kristendom ved Universitetet i Oslo i 1974–1975.

Journalistikken

Matre blei tilsett i Vårt Land i 1975, og i 1980–1983 var han redaksjonssjef og i 1983–1989 sjefredaktør. Deretter var han sjefredaktør og administrerande direktør i Norsk Telegrambyrå (NTB) i 1989–1994 og hadde same stilling i Bergens Tidende i 1994–1997. Dei neste sju åra arbeidde han i Schibsted ASA, først som redaktør og seinare som direktør. I 2004–2009 var han sjefredaktør i Aftenposten, og etter det var han direktør i Schibsted Norge.

Matre var sjefredaktør i Aftenposten då avisa gjekk over til tabloidformat i 2005, og helgemagasinet A-magasinet var det han som lanserte same året. Som redaktør var han nyskapande og greidde å halde gode lesartal i ein fallande avismarknad.

Anna engasjement

Hans Erik Matre var leiar for Norsk Redaktørforening i 1988–1997 og leiar av Verdikommisjonens råd i 1998–2001. Han var medlem (1998–2002) og seinare leiar (2002–2004) i hovudstyret i Misjonsalliansen, medlem av soknerådet i Ski frå 2015 og var i fleire år medlem av styret i Fædrelandsvennen, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar