Helga Gunerius Eriksen – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Helga Gunerius Eriksen

Fødd

11. oktober 1950, Stavanger

Helga Gunerius Eriksen

Helga Gunerius Eriksen er ein norsk forfattar. Ho har ein allsidig forfattarskap med meir enn 20 romanar og barne- og ungdomsbøker, og ho har samarbeidd med andre kunstnarar.

Stil

Gunerius Eriksen skriv moderne, realistisk, friskt og nyskapande, og spenninga ligg i språket. Stemninga er eit berande element i forfattarskapen hennar.

Bakgrunn

Helga Gunerius Eriksen er fødd i Stavanger, oppvaksen på Stord og busett i Bergen. Ho er utdanna cand.mag. med faga keramikk frå Bergen Kunsthandverksskole (1970–1973) og filosofi ved Universitetet i Bergen (1996). Ho arbeidde eit par år som keramikar, ni år ved Hordaland kunstnarsentrum og har arbeidd på fabrikk, trykkjeri, butikk og ulike kontor.

Forfattarskap

Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med barneboka På stripejakt, som ho og biletkunstnar Jørgen Blitzner vann Eides barnebokkonkurranse med. Etter dette kom fleire illustrerte barnebøker, mellom andre Eg øver meg, eg øver meg (1990), Vi kjem frå havet (1998) og Flugepapir (2003). I 1991 gav ho ut ungdomsboka Finn Inga!, og seinare kom mellom andre Eg er på veg (2006) og Du skal vita alt (2009). Ho har skrive bøker for vaksne utan mellomnamnet Gunerius, mellom anna Dersom du: ein muleg roman med usynlege bilde (1994) og romanen Rut (2002).

Fleire av bøkene hennar er omsette til svensk, tysk og dansk.

Barnelitteratur

Gunerius Eriksen utforskar biletboksjangeren sjølv om emna ikkje er nye og tidsaktuelle. I Eg øver meg, eg øver meg (1990) er temaet sosialisering, og ein liten gut går gjennom ein øvingsprosess fram mot vaksenlivet som blir vist med humor og spenst. Bilete og tekst utdjupar, utvidar og utfyller kvarandre.

Gunerius Eriksen viser lesaren stor tillit i historia Vi kjem frå havet (1998) med illustratør Svein Rønning. Boka handlar om ein gut og ei jente som sym i bølgjene ved havet. Både i språket og bileta skin det poetiske og sanselege igjennom. Boka er både dramatisk og lågmælt i skildringa av vennskap.

Bragepris-premierte Flugepapir (2003), som vart til i samarbeid med Gry Moursund, er ei biletbok med spenstig, lågmælt og filosoferande tekst og uhøgtidelege bilete. Boka er full av overraskingar og utfordringar, og Gunerius Eriksen har sikker sans for dei rike observasjonane til barn.

Saman med Morten Øen gav ho ut ei biletbok for barn med foto i svart-kvitt, Komme og gå (2005). Ein liten gut som har rømt heimanfrå, føler seg bortkomen og einsam, og boka har eit originalt, nyskapande og dristig sampel mellom bilete og tekst.

1 2013 kom biletboka Peri og Peti vender om som er ei forteljing om to små vennar som reiser ut i den skumle verda.

Ungdomslitteratur

Gunerius Eriksen har skrive fleire bøker om Finn og Inga, og ho fekk Kritikarprisen for den tredje, Finn Inga! (1991), om skilsmissejenta Inga som kjem på sommarferie til øya der Finn er fastbuande. Denne sommaren er Inga meir vaksen, ho er ulukkeleg og sint på far sin som har forlate familien for ei ny kvinne. Teksten verkar truverdig og balanserer mellom barndom og vaksenliv. Spenninga ligg i forholdet mellom Inga og Finn, som rømmer heimanfrå saman. Forfattaren bruker allusjonar til Bibelen, og ein må lese mellom linjene.

Ungdomsromanen Eg er på veg (2006) handlar om tenåringen Donna som blir gravid med strandstolvakta Jose. Lesaren får tilbakeblikk på forholdet deira ein sommar og kva som møter henne heime i Bergen og i graviditeten. Synsvinkelen er Donnas og gjer historia om ei sterk ungjente personleg, nær, truverdig og ekte. Eg er på veg blei nominert til Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2006. Du skal vita alt (2009) er oppfølgjaren. Boka inneheld brev til Donnas dotter Josefine, og Jose veit ikkje at han er blitt far.

Vaksenlitteratur

Under namnet Helga Eriksen (utan mellomnamnet Gunerius) har ho skrive bøker for vaksne. Dersom du: ein muleg roman med usynlege bilde (1994) var hennar første roman for vaksne. Romanen er politisk og aktualiserer forholdet mellom det verkelege og skrifta, og mellom skrivar og lesar.

I 2002 gav ho ut romanen Rut. Det er ein europeisk odyssé om enkja Rut som gjer livsval og forlet heimstaden etter at mannen døyr, og etter kvart blir sterk nok til å reise heim igjen. Utgangspunktet er Ruts bok i Bibelen.

Påls reise (2009) er ein tilrettelagd dokumentar om å reise med Hurtigruta.

Kunstnariske samarbeid

I 1998 gav Gunerius Eriksen ut Kvadratiske konturar saman med Kurt Johannessen. Det var ei kortprosa-biletbok for vaksne der form og innhald spelar mot og med kvarandre.

Gunerius Eriksen har samarbeidd med biletkunstnarar og komponistar, og ho har skrive essay, dramatikk og dikt. Ho skreiv mellom anna tekstar til ny musikk av komponistane Knut Vaage og Jostein Stalheim i 2007. Ho har òg delteke i landskapskunstprosjekt og andre tverrkunstnarlege samarbeid.

Utmerkingar

I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! For Flugepapir fekk ho saman med Gry Moursund Brageprisen for beste barnebok i 2003. I 2009 fekk ho Samlagsprisen og i 2010 Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd fagbok for vaksne med funksjonshemmingar.

Utgivingar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar