Huangelva – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Huangelva
kinesisk: Huánghé 黄河, Den gule floda, Guleelva
Huangelva eller Guleelva, er den nest lengste elva i Kina. Elva er 5464 kilometer lang med eit nedbørsfelt (vist i lyseraudt) på 752 000 kvadratkilometer.
Guleelva tek namnet etter slammet som fargar vatnet gult.
Huangelva er den nest lengste elva i Kina, men berre den åttande største når det gjeld vassføring. Elva er 5464 kilometer lang med eit nedbørsfelt på 752 000 kvadratkilometer.
Løp
Huangelva har kjeldene sine i det tibetanske høglandet. Karelva (Kar Qu), som spring langs nordskrenten av Bayanharfjella (Bayan Har Shan) i provinsen Qinghai, er rekna for å vera hovudelva.
Huangelva He renn ut av Qinghai i nordaustleg retning gjennom provinsen Gansu og gjer ei lang bøying mot nord til Indre Mongolia omkring platået Ordos. Så renn ho igjen sørover gjennom tronge kløfter, og møter Fén He-elva frå nordaust og Wei He-elva frå vest. Vidare bøyer ho mot aust, passerer nord for Tai Shan-fjellet i Shandong, før ho munnar ut i Bohaibukta. Området omkring den nedre delen av elva og bielva Wei He blir rekna som fødestad for den kinesiske sivilisasjonen.
Vassføring
Huangelva renn gjennom tørre strok, og middelvassføringa er difor lita (rundt 2500 kubikkmeter i sekundet), men det er store flaumar etter monsunregnet.
Elveløpet går gjennom strekningar som er dekte av løss, som lett blir skoren ut og gjer elva heilt gul av slam, derav namnet. Slammet blir lagt opp i det veldige deltaet som byrjar ved Kaifeng, 500 kilometer ovanfor utløpet. I deltaet er løpet lite stabilt. Elveleiet er inngjerda av opptil ti meter høge dike, men desse har ofte blitt brotne ved flaum, og det fører til store overfløymingar.
Betydning
På grunn av flaumfaren blei elva tidlegare kalla «Kinas svøpe». Under ein flaum i 1931 skal 3,7 millionar menneske ha mista livet. Slike overfløymingar har også grave ut nye kanalar, og elva har skifta løp fleire gonger. Før 1300 gjekk ho omtrent som no, men forandra så løp og munna ut sør for Shandong i 500 år, til 1853, då ho igjen tok det nordlege løpet. I 1938 og 1947 blei løpet omdirigert.
Huangelva har lite å seia for samferdsla, men avgjerande betydning for jordbruket i Nord-Kina. Store damanlegg og kanalbygging har redusert flaumkatastrofane og utvida dei irrigerte areala.