Lavik – Store norske leksikon (original) (raw)
Lavik er eit sokn i Høyanger kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke. Soknet ligg på båe sider av Sognefjorden.
Faktaboks
norrønt (h)lað, lade, laste
Lavik var tidlegare eigen kommune som omfatta heile den noverande Høyanger kommune. I 1858 vart kommunen delt ved utskiljing av Klævold, som i 1891 endra namn til Kyrkjebø. I 1861 vart Brekke kommune lagt til, og den nye kommunen fekk namnet Lavik og Brekke. Brekke vart i 1905 igjen eigen kommune, og Lavik hadde deretter uendra grenser til 1964, då han vart slått saman med Kyrkjebø og delar av Vik til den nye kommunen Høyanger; 220 kvadratkilometer ved samanslåinga.
Kultur og samferdsle
Lavik kyrkje er ei åttekanta kyrkje i tre frå 1865 på nordsida av Sognefjorden; arkitekt Christian H. Grosch.
Ved Lavik kyrkje ligg Lavik ferjestad med band til Oppedal i Gulen på sørsida av fjorden (E 39). På strekninga Lavik-Oppedal vart den første større bilferja i verda med 100 prosent batteridrift sett i rute i 2015.
Namnet
Namnet kjem av norrønt Lamvikum (dativ fleirtal), og kan som ved liknande namn ha samanheng med norrønt (h)lað, 'lade, laste'.
Kart