Lev Vygotskij – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Lev Vygotskij

Lev Semjonovitsj Vygotskij

Лев Семёнович Выготский

לײב װיגאָדסקי

Fødd

17. november 1896, Orsja, Belarus

Død

11. juni 1934, Moskva, Sovjetunionen

Lev Vygotskij

Lev Vygotskij regnes som grunnleggeren av kulturhistorisk psykologi.

Lev Vygotskij var ein russisk-jødisk psykolog. Han blir rekna som grunnleggjaren av kulturhistorisk psykologi, men har også gitt viktige bidrag innanfor psykologisk metodologi, pedagogikk og spesialpedagogikk, kulturantropologi, utviklings- og kognitiv psykologi, psykolingvistikk, nevropsykologi og -patologi.

Biografi

Vygotskij vart fødd i 1896 i Orsja i Russland (no Belarus). Han hadde sterke interesser i filosofi og vitskap, spesielt i kulturhistorie og kunst.

Etter fullførte studium i juss, historie, språk og filosofi i Moskva i 1917 slo han seg ned i Gomol i Belarus (tidlegare Kviterussland) der han underviste i filosofi. I 1925 tok han doktorgrad i psykologi ved Universitetet i Moskva over temaet psykologi og kunst. Året før hadde han halde eit foredrag i St. Petersburg som vekte Alexander Lurijas interesse. Lurija var sekretær ved institutt for psykologi i Moskva og sørgde for at Vygotskij fekk ei forskingsstipendiatstilling der.

Vygotskij var tilknytta Universitetet i Moskva til sin død i 1934, først ved Institutt for psykologi og deretter ved Institutt for defektologi, som han også var med å opprette. Ved instituttet vart det gjort studiar av barn med fysiske og psykiske funksjonshemmingar.

Kulturelle teikn

Vygotskij kan seiast å føre vidare Marx og Engels dialektiske materialisme som hevda at menneskets medvit var bestemd av økonomiske og teknologiske faktorar og at reiskapar speler ei viktig rolle i utviklinga av samfunn og menneske. Vygotskij brukte dette utgangspunktet til å fremje ideen om at teikn leidde til utvikling av både samfunnet og menneskets medvit.

Til liks med Wilhelm Wundt skilde han mellom elementære psykologiske prosessar og høgare mentale prosessar. Dei siste meinte han var eit resultat av bruken av teikn. Teikna har opphavet sitt i kulturen, og ved at mennesket lærer å meistre bruken av teikn blir dei ein del av den kulturen dei veks opp i. Han meinte at bruk av teikn utvikla menneskets medvit og at menneskets medvit dermed var eit resultat av kulturen. Ved å utvide Marx' ide om reiskapars rolle i utviklinga av samfunnet til å omfatte kulturelle teikn meinte han å kunne byggje bru mellom marxistisk filosofi og Wundts psykologi.

Utvikling av språket

Etter å ha studert sjimpansar, som kan tenkje, men ikkje tale, meinte Vygotskij at tanke og tale hadde ulikt fylogenetisk opphav. Sidan spedbarnet ikkje taler, men openbert kan tenkje postulerte han eit prelingvistisk kognitivt stadium.

I teorien om den vidare språkutviklinga tok Vygotskij utgangspunkt i Piagets idé om den egosentriske talen i den tidlegaste språkutviklinga. Ifølgje Piaget er dette ein tale som ikkje er retta mot andre enn ein sjølv. Vygotskij meinte likevel at barnet er sosialt frå fødselen av og at talen derfor også er sosial, men at barnet frå tre-års alder rettar talen gradvis meir og meir mot seg sjølv og dermed bruker talen som middel til sjølvregulering og tankeutvikling. Talen blir gradvis utvikla til ein indre tale medan høyrbar vokalisering minkar. Han meinte at teorien om indre tale stemde med observasjonar av barns taleutvikling. I motsetning til Piaget, som meinte at egosentrisk tale vart mindre hyppig og forsvann mellom tre og sju års alder, meinte Vygotskij altså at det som skjedde var at talen gradvis vart mindre høyrbar.

I forsøk på å vise at egosentrisk tale (i Vygotskijs vokabular indre tale) var eit middel til tenking utførte han eksperiment der han bad barn løyse ei praktisk oppgåve, til dømes å teikne, men der barnet mangla blyant. Som forventa auka den egosentriske talen i hyppigheit. Han tolka dette som at barnet tenkte for å prøve å løyse problemet. For å teste om egosentrisk tale var av sosial natur lét han barn sitje for seg sjølv. Som forventa vart då den egosentriske talen redusert.

Holistisk psykologi og sosialkonstruktivisme

Vygotskijs ambisjon om eit paradigmeskifte innanfor psykologien blir openbert seg i forsøket hans på å utvikle ein holistisk teori om menneskets sosiokulturelle utvikling som ein kontinuerleg, interaktiv og meiningsdannande prosess. For Vygotskij er menneskets personlegdomsdanning kontinuerleg bestemt av sosiale og kulturelle kontekstar.

Karakteristisk for vygotskiansk psykologi er ein moderat sosialkonstruktivisme, som hovudsakleg utkrystalliserte seg i Vygotskijs forskingsverksemd i åra 1924 til 1934, særleg innanfor «defektologi», det vil seie teoretiske og kliniske studiar av utvikling, læring og oppseding av barn og ungdom med ulike utviklingsforstyrringar. Dei siste leveåra utarbeidde Vygotskij sine teoriar om psykiske funksjonar i ontogenese (normalt utviklingsforløp), hovudsakleg basert på studiar av psykiske funksjonar ved utviklingsforstyrringar.

Verk

Blant Vygotskijs viktigaste verk er:

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar