Lunde – Telemark – Store norske leksikon (original) (raw)
Lunde er ei bygd i Nome kommune i Telemark. Bygda omfattar storparten av dalføret mellom Flåvatn og Norsjø med sidedalar og omliggjande skogområde. Tettstaden Bjervamoen ligg der Sørlandsbanen kryssar hovuddalen og Telemarkskanalen nær Lunde stasjon. Her låg òg administrasjonen i Lunde kommune.
Faktaboks
norrønt Lundar herað, der første ledd er gardsnamnet Lund.
Lunde vart oppretta som eige herad i 1867 ved utskiljing frå Bø. Kommunen blei i 1964 samanslått med den delen av Holla som låg vest for Norsjø til Nome kommune. Lundes areal var ved samanslutninga 275 kvadratkilometer. Den tidlegare kommunen utgjer i dag eitt sokn; Lunde og Flåbygd.