Moi – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

1964 (SSB, 2023)

Landareal

1,7 km²

Tettstadsnummer

4551 Moi

Moi er ein tettstad i Lund kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,7 km², og har 1964 innbyggjarar (2023).

Moi er administrasjonssenter i Lund kommune, ved munninga av Moisåna (Osåna) i nordvestenden av Lundevatnet (49–44 moh.). E 39 og Sørlandsbanen går gjennom Moi.

Moi har mykje industri, særleg trevareindustri med mellom anna Noregs største vindaugsfabrikk (NorDan Johs Rasmussen AS) nord for stasjonen og dørfabrikken Giljedoor AS. Moi har òg lang tradisjon for produksjon av bjeller og tresko.

Lund kirke, ei langkyrkje i tre frå 1812, ligg på vestsida av munninga til Moisåna; på denne sida ligg òg Lundheim folkehøgskole. Moi har bakkestasjon for satellittsamband med mellom anna oljeverksemda i Nordsjøen.

Namnet kjem av norrønt mór, 'mo, tørr sandslette'.