folkehøgskule – Store norske leksikon (original) (raw)
Frå ikring 1970 har mykje av undervisninga ved norske folkehøgskular vore retta mot aktivitetar som teater, musikk, dans, forming, filosofi og friluftsliv.
Folkehøgskule er eit nordisk skuleslag med utgangspunkt i tankane til den danske diktarpresten N.F.S. Grundtvig (1783–1872). Skulane er sjølvstyrte og kan ha ulike særpreg, men alle er opptekne av å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar.
Idealistiske teologar og pedagogar skipa frå midt på 1800-talet folkehøgskular som viktige opplysnings- og oppvekkingsmiljø – særleg for bygdeungdom. Formidling av teoretisk kunnskap og praktisk dugleik har stått sentralt, men i nær tilknyting til personleg mogning og utvikling av «det heile mennesket». Elevinternata har vore og er framleis ein viktig del av det pedagogiske opplegget og sosialiseringa i folkehøgskulen.
I Noreg vart den første skulen skipa av ihuga grundtvigianarar i 1864. Ti år seinare oppretta styresmaktene amtsskular som ei motvekt, og frå slutten av 1800-talet fekk rørsla konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart dei tre skuletypane samla under ei sams lov, og frå ca. 1970 har alle brukt folkehøgskule-namnet.
Folkehøgskulen har ein fri og uavhengig plass i det norske utdanningssystemet. Han blir styrt etter ei eiga lov, folkehøgskulelova av 2002. Dei fleste folkehøgskular har ei nedre aldersgrense på 18 år, men nokre tek òg inn søkjarar som er 16 år.
Dansk opphav
Første folkehøgskulen
Grundtvig ville bort frå leksepugg og eksamensstrev til engasjerte foredrag og samtalar om sentrale livsspørsmål. På hans initiativ kom den aller første folkehøgskulen i gang i Rødding i Nord-Slesvig i Danmark i 1844. Christen Kold (1816–1870) gjorde mykje for å setje Grundtvigs idear ut i livet. Han starta høgskule i Ryslinge i 1851, og i undervisninga la han særleg vekt på historie, heimleg litteratur og folkesong.
Folkehøgskular i Norden
Folkehøgskulen har hatt ei særeiga utvikling i kvart av dei nordiske landa. Folkehøgskulane i Danmark byrja som private skular, den første i 1844 ved Rødding i Sønderjylland. I 1864 flytta til skulen til Askov under namnet Askov Højskole, som fekk ei leiande rolle mellom dei nordiske folkehøgskulane. Gjennom dei skandinaviske møta i 1850- og 1860-åra vart den danske folkehøgskulen kjend i Sverige. Frå 1868 vart folkehøgskular i Sverige starta av folkehøgskuleforeiningar eller län. I Finland kom interessa for folkehøgskulen saman med utvidinga av det lokale sjølvstyret i 1860-åra og det nasjonale straumdraget mot slutten av 1800-talet. I 1889 kom den finskspråklege folkehøgskulen i Kangasala og den første svenskspråklege i Borgå.
I dag finst det folkehøgskular i Danmark, Finland, Noreg, Sverige, Færøyane, Åland og Grønland. Det har òg vore folkehøgskular på Island. Folkehøgskulerørsla var først og fremst eit nordisk fenomen, men det finst òg skular som liknar på den nordiske folkehøgskulemodellen, i andre land.
Dei første folkehøgskulane i Noreg
Sagatun folkehøgskule, bilete frå ca. 1880–1885. Hermann Anker med dottera Ida i forgrunnen. Sagatun på Hamar var den første norske folkehøgskulen, skipa av Hermann Anker og Olaus Arvesen i 1864.
Den første norske folkehøgskulen vart skipa av Hermann Anker (1839–1896) og Olaus Arvesen (1830–1917) i 1864. Det var Sagatun på Hamar.
Til liks med skiparane av Sagatun var også Christopher Bruun (1839–1920) ein teolog som var inspirert av Grundtvig og dei danske folkehøgskulane. I 1867 starta han folkehøgskule i Gudbrandsdalen (frå 1871 i Gausdal og frå 1875 med namnet Vonheim). Christopher Bruun var prega av stort livsalvor, og skulen hans verka vekkjande både kristeleg, nasjonalt og politisk. Framhevinga av bondekulturen og det særnorske skilde Vonheim frå Sagatun.
Fleire folkehøgskular vart starta i åra rundt 1870. I 1868 kom det i gang ein på Halsnøy i Sunnhordland og ein i Stjørdal, og året etter tok Vilhelm Poulsen og Johannes Helleland til med folkehøgskule på Lofthus i Hardanger. Skulen i Trøndelag var ambulerande fram til han vart fast etablert på Sund i Inderøy i 1900.
Prestesonen, teologen og politikaren Jakob Sverdrup (1845–99) var skeptisk til grundtvigianismen, og han fekk støtte frå sentrale kyrkjemenn til å starte ein meir «norsk» og ikkje minst tydelegare «luthersk» folkehøgskule. Den skulen starta opp i Sogndal frå nyttår 1871, men i praksis kom han ikkje til å skilje seg så mykje frå dei andre som utgangspunktet skulle tilseie. Sogndal Folkehøgskule er den einaste av desse tidlege skulane som har vore i samanhengande drift i same kommunen frå pionertida og til i dag.
Amtsskular og ungdomsskular
I 1875 vedtok Stortinget å opprette høgare offentlege skular i kvart amt (fylke). Det var tenkt som eit mottiltak til dei grundtvigske skulane. Dei sistnemnde vart kritiserte frå kyrkjeleg hald for kristendomssynet, men også frå akademisk hald for den pedagogiske forma, og generelt frå konservativt hald når ein såg at dei utvikla seg i radikal retning politisk.
I praksis kom amtsskulane til å likne på folkehøgskulane ved at ein las moderne litteratur og la vekt på det humane. Mange av lærarane kom då også frå dei ikring tretti folkehøgskulane som var i gang frå eitt til nokre få år i 1870-, 80- og 90-åra.
I 1888 fekk Viggo Ullmann (1848–1910) tilskot frå staten til å drive eit friseminar (privat lærarutdanning) ved sida av folkehøgskulen sin i Seljord. Tilhengarar av ei meir pietistisk kristendomsform reagerte med å skipe både eit nytt seminar og ein ungdomsskule i Telemark.
Asbjørn Knutsen(1842–1917), som i 1893 fekk i gang den første kristelege ungdomsskulen, bygde på skuletankar frå eldre haugianarar så vel som på Christopher Bruuns Folkelige Grundtanker. Skulen hans vart meir kristeleg vekkjande, meir arbeidslivsretta og meir politisk varsam enn dei grundtvigske. Fire år etter at Knutsen tok til i Telemark (Sagavoll frå 1914), starta Johannes Brandtzæg ein tilsvarande skule på Framnes i Hardanger, og etter hundreårsskiftet kom fleire til.
Norsk folkehøgskule frå 1900 til i dag
Handverksklasse ved Vidsyn folkehøgskole på Tynset (ukjent år).
Oppslutnaden om og fagtilbodet i rørsla veksla mykje gjennom 1900-talet. Frå 1949 vart dei tre skulegreinene organiserte under ei sams lov. Amtsskulane eller fylkesskulane byrja tidleg å likne på folkehøgskulane. Etter at «ungdomsskule» vart nemninga på dei tre siste åra i grunnskulen, byrja også dei kristelege ungdomsskulane å kalle seg folkehøgskular.
Frå ikring 1970 har mykje av undervisninga vore retta mot «fritidsaktivitetar» som teater, musikk, dans, forming, filosofi og friluftsliv. Søknaden til skulane gjekk likevel ned då fylka bygde ut vidaregåande opplæring for alle ungdomar frå midt i 1970-åra. I 1997 vedtok Stortinget at eit folkehøgskuleår skal gi tre poeng ved opptak til høgare utdanning, og sidan då har rekrutteringa teke seg opp att. Frå skuleåret 2009/10 gir eit fullført folkehøgskuleår to tilleggspoeng.
Folkehøgskular i Noreg
Interiør ved Romerike Folkehøgskole (ukjent år).
Oppretta | Eigar | |
---|---|---|
Østfold | ||
Haugetun, Rolvsøy | 1912 | Normisjon i Østfold |
Skjeberg, Skjeberg | 1876 | Østfold fylkeskommune |
Jeløy, Moss | 1971 | Frelsesarmeen |
Akershus | ||
Follo, Vestby | 1876 | Akershus fylkeskommune |
Hurdal Verk, Hurdal | 1917 | Norsk Luthersk Misjonssamband |
Romerike, Jessheim | 1876 | Akershus fylkeskommune |
Holtekilen, Stabekk | 1958 | Det Norske Baptistsamfunn |
Oslo | ||
Rønningen, Oslo | 1969 | Norges KFUK/KFUM |
Innlandet | ||
Bjerkely, Arneberg | 1918 | Stiftelse tilknyttet Normisjon |
Elverum, Elverum | 1928 | Peer Væringsaasens Nationalfond |
Solbakken, Skarnes | 1946 | Det Norske Totalavholdsselskap |
Hedmarktoppen, Hamar | 1970 | Pinsebevegelsen i Norge |
Toneheim, Ridabu | 1970 | Toneheim høgskolelag |
Ringebu, Ringebu | 1876 | Stiftelsen Ringebu Folkehøgskule; drives av Innlandet fylke |
Toten, Lena | 1882 | Innlandet fylkeskommune |
Valdres, Leira | 1899 | Valdres folkehøgskule AS |
Vestoppland, Brandbu | 1906 | Vestoppland Folkehøgskole A/L |
Viken, Gjøvik | 1901 | Stiftelsen Viken Folkehøgskole |
Nansenskolen, Lillehammer | 1938 | Selveiende institusjon |
Buskerud | ||
Danvik, Drammen | 1913 | Selvstendig stiftelse opprettet av Vestfold og Buskerud kretser KFUK/KFUM og Normisjon |
Buskerud, Darbu | 1909 | Buskerud Høgskolelag |
Hallingdal, Gol | 1959 | Hallingdal Høgskulelag |
Numedal/Idrettsskolen, Rollag | 1918 | Rollag kommune |
Ringerike, Hønefoss | 1876 | Buskerud fylkeskommune |
Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve, Ål, Hallingdal | 1974 | Stiftelsen Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve |
Vestfold | ||
Stavern (tidligere Fredtun), Stavern | 1921 | Den Evangelisk Lutherske Frikirke |
Nestor, Melsomvik | 1979 | Stiftelsen Nestor Seniorutvikling |
Sandefjord (tidligere Skiringssal), Sandefjord | 1876 | Vestfold fylkeskommune |
Telemark | ||
Grenland, Eidanger | 1920 | Selveiende institusjon |
Sagavoll, Gvarv | 1893 | Selveiende institusjon |
Seljord, Seljord | 1971 | Stiftinga Seljord folkehøgskule |
Agder | ||
Risøy, Gjeving | 1936 | Stiftelsen Risøy Folkehøyskole |
Birkeland, Birkeland | 1912 | Normisjon, Indremisjonsforbundet, KFUK/KFUM |
Agder, Søgne | 1918 | Agder Høgskolelag |
Rogaland | ||
Lundheim, Moi | 1952 | Stiftelsen Lundheim folkehøgskole |
Solborg, Stavanger | 1913 | Normisjon |
Jæren, Kleppe | 1899 | Stiftelsen Jæren folkehøgskule |
Karmøy, Kopervik | 1906 | Stiftelsen Karmøy Folkehøgskule |
Vestland | ||
Fana, Store Milde | 1915 | Nord- og Midthordland Høgskulelag |
Hardanger, Lofthus | 1869, 1912 | Hardanger Høgskulelag |
Nordhordland, Frekhaug | 1914 | Nordhordland Indremisjon |
Bømlo, Finnås | 1983 | Stiftinga Olavskulen Bømlo Folkehøgskule |
Sunnhordland, Halsnøy kloster | 1868, 1914 | Sunnhordland Høgskulelag |
Voss, Voss | 1895 | Stiftelsen Voss Folkehøgskule |
Manger, Manger | 1877, 1921 | Hordaland fylkeskommune |
Åsane, Bergen | 1966 | IOGT i Norge |
Fjordane, Nordfjordeid | 1876 | Eigarlaget for Fjordane Folkehøgskule |
Nordfjord, Sandane | 1923 | Sogn og Fjordane region av Normisjon |
Sogndal, Sogndal | 1871 | Sogn Høgskulelag |
Sunnfjord, Førde | 1902 | Normisjon |
Møre og Romsdal | ||
Møre, Ørsta | 1899 | Stiftelsen Møre Folkehøgskule |
Borgund, Hatleholen, Ålesund | 1914 | Sunnmøre Indremisjon |
Nordmøre, Surnadal | 1920 | Nordmøre Folkehøgskulelag |
Høgtun, Torvikbukt | 1917 | Nordmøre og Romsdal Indremisjon, Normisjon region Møre, Nordmøre krets av Misjonssambandet |
Rauma, Molde | 1917 | Nordmøre og Romsdal Indremisjon |
Sunnmøre, Ulsteinvik | 1908 | Norges KFUK/KFUM og Møre og Romsdal krets av Norges KFUK/KFUM |
Trøndelag | ||
Fosen, Rissa | 1876 | Fosen Folkehøgskolelag |
Fredly, Børsa | 1899 | Stiftelsen Fredly Folkehøgskole |
Trøndertun, Gimse | 1919 | Gauldal Høgskulelag |
Rødde, Melhus | 1920 | Norsk Luthersk Misjonssamband |
Torshus, Fannrem | 1903 | Stiftelse |
Peder Morset, Selbustrand | 1975 | Peder Morset Stiftelse |
Bakketun, Verdal | 1915 | Stiftelsen Bakketun folkehøgskole, Normisjon |
Namdals, Grong | 1884 | Namdalskommunene, Naumdøla Mållag, Naumdøla Ungdomslag, Namdals høgskolelag |
Skogn, Skogn | 1904 | Sør-Inntrøndelag Høgskolelag |
Sund, Inderøy | 1868, 1926 | Selveiende institusjon |
Nordland | ||
Vefsn, Mosjøen | 1899 | Hålogaland Ungdomslag |
Lofoten, Kabelvåg | 1901 | Lofoten folkehøgskolelag |
Sandvik, Mosjøen | 1974 | Pinsebevegelsen i Norge |
Nordnorsk Pensjonistskole, Sømna | 1991 | Stiftelsen Nordnorsk Pensjonistskole |
Troms | ||
Folkehøgskolen 69° Nord, Mortenhals | 1988 | Balsfjord kommune, initiativgruppe, Den Norske Kirke, elevene og ansatte, rektor |
Soltun, Evenskjer | 1974 | Metodistkirken i Norge |
Trondarnes Frilynte, Harstad | 1919 | Stiftelsen Trondarnes Frilynte Folkehøgskolelag |
Finnmark | ||
Pasvik, Svanvik | 1876, 1970 | Finnmark fylkeskommune |
Øytun, Alta | 1916, 1970 | Normisjon, Norges Samemisjon og Indremisjonsforbundet |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Akerlie, Olav (2001): Frilynt folkehøgskole 1864–2001. Oslo: Norsk folkehøgskolelag
- Bondevik, Kjell (1971): Sogndal Folkehøgskule i 100 år : 1871-1971. Leikanger: Sogndal Folkehøgskule
- Fostervoll, Kaare (red.) (1964): Mot rikare mål. Den norske folkehøgskolen 1864-1964. Oslo: Noregs Boklag
- Mikkelsen, Arild, red. (2005): Livslyst og skolelyst. Norsk Folkehøgskolelag 100 år. Oslo: Cappelen
- Slapgard, Bjarne (1950): Hardanger folkehøgskule : Ullensvang. Lofthus: Hardanger folkehøgskule
- Torjusson, Aslak (1977): Den norske folkehøgskulen: opphav og grunnlag. Oslo: Det Norske Samlaget
- Vaage, Ragnvald, Sandvik, Sigurd og Myklebust, Thor red. (1964): Sunnhordland folkehøgskule : 1914–1964. Stord: Sunnhordland folkehøgskule