Magne Skodvin – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Magne Skodvin

Fødd

13. desember 1915, Ullensvang

Død

26. januar 2004, Oslo

Verke

Historikar

Familie

Foreldre: Folkehøgskolestyrar Anders Skodvin (1884–1938) og Karen Marie Haaland (1884–1958).

Gift i 1943 med lektor Eva Dessen Tobiesen (1917–2014), dotter til generalmajor, sivilforsvarssjef August Emil Dessen Tobiesen (1885–1962) og Ingjerd Dorothea Kiønig (1891–1960).

Magne Skodvin

Magne Skodvin, bilde fra Norsk biografisk leksikon

Magne Skodvin var ein norsk historikar. Han blei dr.philos. i 1956, og same år blei han professor i historie ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Frå 1961 til 1983 var han professor ved Universitetet i Oslo. Han konsentrerte dei vitskaplege studiane sine om norsk historie under andre verdskrigen og den norske innmeldinga i NATO. Som universitetslærar var han døropnar for studiet av norsk etterkrigshistorie.

Skodvin var formann i Det norske studentersamfund i 1947, medredaktør i Syn og Segn i åra 1951–1959 og formann i Noregs Mållag i perioden 1958–1960.

Bakgrunn og utdanning

Skodvin gjekk på Hardanger folkehøgskole frå 1930 til 1931. I 1935 tok han examen artium på latinlinja på Voss landsgymnas, og i 1941 vart han cand.mag. ved Universitetet i Oslo. I studietida hadde han fleire vikariat i skolen, og fra 1941 til 1943 var han arbeidshjelp ved Riksarkivet. Han hadde òg fleire studieopphald i utlandet. I 1946 vart han cand.philol.

Forsking

Dei fleste i hans samtid vil assosiere namnet Magne Skodvin med norsk historie om den andre verdskrigen. Men rotfest som han var i det hardangerske folkehøgskolemiljøet, var det folkeopplysningsmannen som først steig fram. Som programsekretær i NRK i dei første etterkrigsåra vart han lagd merke til med si lette og velklingande nynorske framstillingsform. Men med embetseksamen med historie hovudfag og med sterke personlege opplevingar frå krig og motstandsarbeid, var det naturleg at han tok føre seg norsk okkupasjonshistorie.

Andre verdskrigen

Skodvins endelege gjennombrot som forskar kom med doktoravhandlinga Striden om okkupasjonsstyret i Norge fram til 25. september 1940. Etter nitid kjeldegransking, og med dramatisk driv i framstillinga, skildrar han der trekantdramaet mellom Reichskommissar Josef Terboven, Vidkun Quisling og det norske politiske miljøet, fram til kompromisset 25. september som paradoksalt nok la eit første grunnlag for organisert norsk motstandspolitikk. Avhandlinga vart også eit gjennombrot for ei hovudline i Skodvins utforsking av norsk samtidshistorie: hans særlege vilje og evne til å sette norsk historie inn i eit internasjonalt perspektiv, programmatisk annonsert i ein artikkel i Nordisk Tidskrift i 1951 med tittelen Norsk okkupasjonshistorie i europeisk samanheng.

Skodvins gjerning som universitetslærar, som professor i historie først ved Noregs lærerhøgskule i Trondheim og frå 1961 ved Universitetet i Oslo, kom til å krevje det meste av hans tid og krefter. Men gjennom ein straum av artiklar og foredrag vart han det naturlege referansepunkt for den vidare utforskinga av norsk historie under andre verdskrigen. Dei mange overtonar av skuld, skam, ansvar, nasjonale nederlag og personlege tragediar som hendingane var omgjevne av, gav grunnlag for langvarig strid om tolkinga av desse lagnadstunge åra. Men det er etter kvart blitt stendig klarare i kor stor grad Magne Skodvin – med sin vilje og evne til å sjå og forstå ei sak frå mange sider, og med sitt nesten uendelege tålmod andsynes dei mange som ville sette han i bås med det eine eller det andre fastlåste standpunktet – har medverka til at striden ikkje vart meir opprivande enn den vart.

Norsk etterkrigstid

Frå midten av 1960-åra tok Magne Skodvin til på ein ny pionerinnsats – studiet og utforskinga av norsk etterkrigshistorie. Lenge stod han nokså åleine om å ta seg av den store tilstrøyminga av studentar som ville arbeide på dette feltet. Lærebøker fanst ikkje, før han inspirerte nokre hovudfagsstudentar til å produsere eigne artiklar til innføring. Sjølv gav han det mest sentrale bidraget, i boka Norge eller NATO, som kom i 1971, der han med utgangspunkt i eit oppdrag frå Utanriksdepartementet skildra og analyserte Noregs veg frå brubyggingspolitikk via forhandlingar om nordisk forsvarssamarbeid fram til medlemskapen i Atlanterhavspakta.

I to seinare bøker vende så Skodvin tilbake til krigsåra. I 1990 kom omsider den meir faglege oppsummeringa av det som trass alt heile tida var hans hovudarbeidsfelt: Krig og okkupasjon 1939–1945. Men før det kom den vesle boka Som seilene fylles av stormen, bygd på ein serie med tolv radiokåseri med emne frå krigsåra. Målsettinga for kåseria – og for boka – syner oss igjen folkeopplysningsmannen: «Om det skulle lukkast å føre krigstida nærare, eit stykke på veg, innpå livet for unge menneske, og setja eigne opplevingar inn i ein vidare samanheng for dei som eldre er, så er eit mål nådd.»

Utmerkingar

Skodvin vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1988. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1957 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1958.

Utgivingar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar