Sør-Trøndelag – avis – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Offisielt namn

A/S Sør-Trøndelag

Organisasjonstype

Aksjeselskap

Forretningsadresse

Orkanger

Dagleg leiar

Odd Arild Sandnes

Styreleiar

Henning Johansen

Logo

Framsida av Sør-Trøndelag 3. januar 1920.

Sør-Trøndelag er ei norsk lokalavis som kjem ut i Orkanger, i papirformat tre gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1908 og dekkjer Orkdal, Skaun, Meldal, Hemne, Snillfjord, Agdenes og Rindal. Avisa er den einaste som har overlevd av mange bladtiltak i Orkla-dalføret. Sør-Trøndelag greier seg til gjengjeld godt som samlande, uavhengig lokalavis. Avisa er eigd av Polaris Media ASA.

Digitalt

Sør-Trøndelag var som dei andre Polaris Media-avisene tidleg ute med å tilby nettavis, samstundes som ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar vart innført. Talet på daglege lesarar på nett og papir var i gjennomsnitt 17 883 i fjerde kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Opplagstall for Sør-Trøndelag, 1986-2023

1986 7602
1988 7601
1990 7390
1991 7297
1992 7359
1993 7169
1994 7238
1995 7017
1996 7138
1997 7223
1998 7205
1999 7125
2000 7075
2001 7023
2002 6967
2003 7006
2004 7081
2005 7162
2006 7229
2007 7328
2008 7293
2009 7268
2010 7120
2011 7017
2012 6999
2013 6805
2014 6553
2015 6171
2016 5804
2017 5642
2018 6110
2019 6733
2020 7149
2021 7143
2022 7555
2023 8329

Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Avisa Sør-Trøndelag vart gitt ut frå 1908 som Søndre Trondhjems Amtstidende, og frå 1920 som Sør-Trøndelag. Fram til 1950-åra var kallenamnet «Amsti'na» i bruk blant dei eldste i dalføret, men det vanlegaste var «Sørtrønder'n». På dagens talemål blir avisa kalla «Søra».

Det var boktrykkjaren Rasmus Kongsvik som fekk avisa i gang, og etter nokre få år kom ho over på fleire lokale hender. Avisa vart presisert som Venstre-avis, noko det lenge var lett å lese seg til. Avisa vart stogga under andre verdskrigen, men kom i gang att etter frigjeringa i 1945. Godt synleg gjennom det første halve århundret står profilen til lærar og redaktør Erik Aarvik. Ein annan markant redaktør var den seinare kjende forfattaren Per Hansson, og i åra rundt 1950 stod Hansson hardt på for å spreie avisa også utanfor dalføret, særleg til Rindal og Hemne-distriktet.

Som elles i norsk presse bleikna partitilhøyrsla til avisa etter kvart, og avisa er sidan 1996 formelt politisk uavhengig. Dagbladet var innom på eigarsida i nokre år fram til 1991, men i 1999 blei avisa dotterselskap i Adresseavisen-gruppa og er ein del av Polaris-konsernet. Medan Sør-Trøndelag lenge kom ut på papir fem dagar i veka, vart det i 2016 vedteke å redusere utgjevinga til tre dagar.

Opplag

År Opplag
1920 2600
1932 2500
1950 3088
1960 4516
1970 4579
1983 7598
1998 7205
2008 7293
2015 5991
2020 7149
2021 7143
2022 7555
2023 8329

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening for andre halvår.

Fakta

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Organisasjonsnummer

916573723

Sektorkode

2100 Private aksjeselskaper mv.

Næringskode(r)

58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar