Sivillovbokutvalet – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Også kjend som

Sivillovbokutvalget

Uttale

siv_i_llovbokutvalget

Sivillovbokutvalet var eit offentleg utval som hadde i oppdrag å arbeide med utkast til lovgjeving om rettshøve på fast eigedom (tingsrett, panterett, odelsrett og åsetesrett). Utvalet blei oppnevnt i 1953 og lagt ned i 1999.

Sivillovbokutvalet la fram ei rekkje rådsegn (utgreiingar), som igjen har ført til nye lover, mellom anna sameigelova, pantelova og avhendingslova.

Historie

Ønsket om å samle rettsreglar i lover og lovsamlingar har eksistert sidan dei første juristane byrja å verke i antikken. Allereie seinromersk rett fekk lov- og læreverket Corpus juris civilis. Kodifikasjon av gjeldande nasjonal rett greip om seg frå slutten av 1800-talet og resulterte i banebrytande lovbøker som den franske Code Civil (1804), og den tyske Bürgerliches Gesetzbuch (1900). Desse lovbøkene danna mønster for ei global kodifikasjonsbølgje på 1800- og 1900-talet.

Allereie i 1814 vedtok grunnlovsmennene på Eidsvoll at det skulle igangsetjast eit arbeid med å lage ein «almindelig civil og kriminal Lovbog». Dette prosjektet vart for ambisiøst for den unge norske unionsstaten og vart lagt vekk i 1845. Tanken om ein kodifikasjon av privatretten vart teken opp igjen av Stortinget i 1949, og i 1953 vart det oppnemnt ein kodifikasjonskomité – Sivillovbokutvalet. Utvalet la fram ei rekkje rådsegner som førte til mange lover på eigedoms- og formuerettsområdet, men inga komplett norsk sivillovbok.

Sjølv om utvalet la fram ei rekkje rådsegn som førte til nye lover, så blei det ikkje noko av Norsk sivillovbok. I samband med grunnlovsreforma ved 200-års jubileet for Grunnlova i 2014, blei føresegna om ei slik sivillovbok tatt ut av Grunnlova.

Rådsegn frå Sivillovbokutvalet

Rådsegna frå Sivillovbokutvalet gjekk under forkortinga NUT (Norske utgreiingar) før 1972 og NOU (Norges offisielle utgreiingar) etter 1972.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar