Stjørdalens Blad – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
STJØRDALENS BLAD OG MALVIK-BLADET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Stjørdal
Stifta
1892
Forside av Stjørdalens Blad 6. januar 1921.
Stjørdalens Blad var ei avis i Stjørdal. Avisa blei grunnlagd i 1892, og kom ut tre gonger ukentleg. Stjørdalens Blad var lokalavis for Stjørdal, med ei viss dekning i Meråker og Malvik.
Stjørdalens Blad vart i 2017 slått saman med Malvik-Bladet til Bladet.
To familiar hadde hand om Stjørdalens Blad dei første 84 åra. Etter ein periode i A-pressa er «Bladet» i dag ein del av Polaris-konsernet.
Historie
To familiar hadde hand om Stjørdalens Blad dei første 84 åra. Fyrst familien Foss, seinare Schefte-familien. Johan B. Foss etablerte bladet i 1892 som etter eitt år kunne telje 700 abonnentar. I 1920 tok John A. Schefte og familien hans over. John A. Schefte var redaktør av Bladet i 37 år (med unntak av tre krigsår dabladet vart stansa). Frå 1945 delte han redaktøransvaret med sonen Asbjørn (bildet). Heilt fram til 1975 heitte redaktørane Schefte og fleire frå familien var med i avisdrifta. Det året tok Trønderpresse (som også eigde Arbeider-Avisa) over. Fossfamilien hadde avisa i 29 år, Schefte familien i 55 år, og i 2009 har Stjørdalens Blad vore knytt til A-pressa i 34 år.
I 1887 kom Johan B. Foss til Stjørdal for å overta redigeringa av den første avisa på staden, Stjørdalens Tidende (etablert i 1877). Foss kom opphavleg frå Meldal og var boktrykkjar med bakgrunn i avis- og trykkjeribransjen i Bodø, Mosjøen og Tromsø.
Eigarane av avisa blei etter kvart misnøgde med Foss sine radikale politiske haldningar. Etter fire år følte Foss at tida var inne for å bryte med Stjørdalens Tidende, og han starta Stjørdalens Blad, som skulle bli «et uafhængigt Venstreblad og arbeide for Demokratiets Fremgang i Stat og Kommune». Johan B. Foss var i 70-årsalderen då han blei utgivar for den nye avisa. Sonen Johan Foss var redaktør frå starten i 1892 til 1920. Truleg delte han redaktørstillinga ei tid med faren, som levde til 1901.
Stjørdalens Blad heldt fram med å vere venstreavis også etter at «Bladet» fekk nye eigarar i 1920. John A. Schefte tok då over, og han starta også ein bokhandel. Utbreiinga av avisa var den gongen geografisk større enn i dei seinare åra. Schefte var redaktør i Stjørdalens Blad i 37 år. Han hadde mellom anna grunnlagt avisa Innherred i Steinkjer og seinare vore redaktør av Inntrøndelagen i same byen, før han kom til Stjørdal.
I 1921 gjekk Schefte over frå to til tre utgåver i veka, noko som styrka avisa si stilling i distriktet. Seinare kom bladet igjen berre to gonger i veka, til ut i 1960-åra. Asbjørn Schefte, som byrja i redaksjonen i 1930-åra, var redaktør i 25 år frå 1945, i 12 av åra saman med faren. I 1942 stansa okkupasjonsmakta avisa på grunn av papirmangel, men redaktøren sin frie penn var truleg òg ein grunn.
Folketalet auka, og det bidrog til vekst i opplaget og meir annonsering. Konkurransen var likevel hard, og Steinkjer- og Trondheims-avisene fekk alle etter kvart kontor i Stjørdal, i tillegg til lokalavisene Stjørdalingen og Stjørdalens Blad.
Stjørdalingen var først ute av dei to med å bli trykt i offsetrotasjon, som gav høve til større sidetal. I 1975 kom også «Bladet» i offset, og sidetalet auka frå fire sider i storformat til 16 sider i tabloid, og etter kvart fleire. Bladet voks, og fekk eit forsprang i høve til Stjørdalingen. Endringa skjedde i samband med at Schefte-familien selde Stjørdalens Blad til AS Trønderpresse, som også eigde Arbeider-Avisa i Trondheim.
I 1988 blei Stjørdalens Blad skilt ut som eige aksjeselskap direkte under A-pressa og dekkjer i dag Stjørdal og Meråker. I 2015 blei Stjørdalens Blad kjøpt av Adresseavisen Gruppen og blei dermed ein del av Polaris-konsernet.
Opplag
Opplagstall for Stjørdalens Blad, 1986-2016
1986 | 7477 |
---|---|
1988 | 7787 |
1990 | 7809 |
1991 | 7978 |
1992 | 7860 |
1993 | 7614 |
1994 | 7424 |
1995 | 7405 |
1996 | 7421 |
1997 | 7277 |
1998 | 7101 |
1999 | 7045 |
2000 | 7105 |
2001 | 7105 |
2002 | 7225 |
2003 | 7344 |
2004 | 7414 |
2005 | 7493 |
2006 | 7634 |
2007 | 7698 |
2008 | 7740 |
2009 | 7622 |
2010 | 7558 |
2011 | 7361 |
2012 | 7217 |
2013 | 6805 |
2014 | 6601 |
2015 | 6055 |
2016 | 5696 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag)
År | Opplag |
---|---|
1893 | 700 |
1920 | 3000 |
1932 | 2000 |
1950 | 2667 |
1960 | 3284 |
1970 | 5790 |
1979 | 4031 |
1991 | 7978 |
2008 | 7740 |
2015 | 5918 |
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Salberg, Bjarne Tormod: Stjørdalens blad gjennom 100 år, 1992