Sunnhordland – avis – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
BLADET SUNNHORDLAND AS
Organisasjonstype
Eigd av
Polaris Media
Forretningsadresse
Stord
Stifta
1902
Reidar Hystad
Marit Kalgraf
Sunnhordland er ei norsk lokalavis på Stord som frå våren 2024 kjem ut i papirformat på Leirvik to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa har Stord og nabokommunane som primært nedslagsfelt. Sunnhordland er ei av dei eldste avisene i Vestland, og var lenge ei av dei få familieeigde avisene. Frå 2023 eig Polaris Media alle aksjane i avisa. Bladet er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Digitalt
Sunnhordland publiserer stoffet både på nett og papir. Nettavis vart første gong utgitt i 2006. Sunnhordland lagar podkasten Stord-podden. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening var det gjennomsnittlege talet på lesarar av papir- og nettutgåva totalt 16 216 i fjerde kvartal 2023.
Historie
Stord fekk si første lokalavis allereie i 1902. 1. mai det året kom det først eit prøvenummer av ei ny avis, Søndhordland. Det er denne avisa som no kjem ut med namnet Sunnhordland.
Søndhordland vart grunnlagd av Jens Hystad, ein tidlegare skomakar som likte å skrive, sjølv om han var blind. Dette klarte han med god hjelp av kona og andre gode medarbeidarar. Til å starte avis fekk han eit lån på 400 kroner. Hystad var venstremann, kjempa for folkestyre, sosiale reformer og målsak, og lét dette setje sitt preg på avisa. I striden før folkerøystinga om EF i 1972 gjekk avisa inn for norsk medlemskap.
Cornelius Bergh Bugge, målmann og storinvestor, kjøpte i 1918 ein stor aksjepost i avisa. Ved årsskiftet 1918–1919 skifta avisa namn til Sunnhordland, og landsmålet vart redaksjonell målform. Avisa har også i dag nynorsk som redaksjonelt språk.
I 1949 trekte Jens Hystad seg tilbake og lét borna overta. Fram til 2020 var det etterkomarar i familien Hystad som dreiv og eigde avisa. I 2020 kjøpte Polaris Media aksjemajoriteten. I 2023 vart konsernet eineeigar med hand om alle aksjane.
Utmerkingar
Sunnhordland vart i 2017 kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.
Opplag
Opplagstal for Sunnhordland, 1986-2023
1986 | 8344 |
---|---|
1988 | 8250 |
1990 | 8202 |
1991 | 8206 |
1992 | 8175 |
1993 | 8238 |
1994 | 8253 |
1995 | 8260 |
1996 | 8215 |
1997 | 8401 |
1998 | 8515 |
1999 | 8583 |
2000 | 8506 |
2001 | 8400 |
2002 | 8242 |
2003 | 8179 |
2004 | 8183 |
2005 | 8185 |
2006 | 7985 |
2007 | 7832 |
2008 | 7832 |
2009 | 7498 |
2010 | 7137 |
2011 | 7036 |
2012 | 6697 |
2013 | 6559 |
2014 | 6571 |
2015 | 6218 |
2016 | 6129 |
2017 | 6099 |
2018 | 6296 |
2019 | 6467 |
2020 | 6638 |
2021 | 6833 |
2022 | 7032 |
2023 | 7437 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1990 | 8202 |
2000 | 8506 |
2005 | 8185 |
2010 | 7137 |
2015 | 6218 |
2020 | 6638 |
2021 | 6833 |
2022 | 7032 |
2023 | 7437 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 reknar ein opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nummer 1. mai 1902
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
- Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser